Gå tilbake til:
Du er her:

Vil rehabilitere heile rådhuset

Byrådet ønskjer å rehabilitere Bergen Rådhus også på innsida når det likevel skal gjerast arbeid med fasaden. Tilsette må då flytte ut i byggeperioden. Dei vil vende tilbake til nye løysingar for arbeidsplassen.

I dag kransar byggeplassgjerde Bergen Rådhus. Årsaka til dette er at betongfasaden frå 1974 har fått omfattande rustskadar i armeringa. Desse skadane fører til at betongbitar fell ned. Difor er det trong for å reparere fasadane og i same rennet byte ut vindauga som er frå byggeåret. Arbeidet med å utbetre fasadane er eit heilt naudsynt tiltak.

Bør ut under arbeidet

Det utvendige arbeidet er så godt som klart til gjennomføring. Bystyret har i investeringsprogrammet sett av 100 millionar kroner til dette prosjektet. Det går ikkje stille og støvfritt for seg når det blir arbeidd i betong. I dag har 275 tilsette tilhald i det 14. etasjar høge bygget. Av omsyn til arbeidsmiljøet deira, bør dei flytte ut i byggeperioden.

Når kontora likevel skal tømmast for eit tidsrom, tenkjer byrådet at tida er inne for å pusse opp rådhuset innvendig. Bygget har ikkje tidlegare fått større opprusting. Dei tekniske anlegga er utdaterte. Det vil også vere mogeleg å skipe mellombelse erstatningslokale for rådhuset i eigne bygg. Og det er også ein økonomisk fordel å gjere det utvendige og innvendige arbeidet samstundes.

Eigne kontor skal bort

I dag har dei fleste tilsette i Bergen Rådhus eigne kontor. Byrådet har tidlegare vedtatt eit nytt konsept for kontorarbeidsplassar i kommunen.

Setter ny standard for kontorarbeidsplasser

Konseptet er omtalt som aktivitetsbaserte arbeidsplassar. I denne løysinga har ingen eigne cellekontor, men det finst arbeidsplassar tilgjengelege som er tilpassa det du skal gjere der og då; stillerom for konsentrasjonsarbeid og opnare gruppeløysingar for samarbeid med andre. Arealet per hovud krympar inn. Etter ombygginga kan rådhuset huse om lag 150 fleire tilsette enn det gjer i dag.

Rekna til 275 millionar

Førebelse utrekningar viser at ein innvendig total rehabilitering av rådhuset kan ha ein kostnad på 275 millionar kroner. Kostnaden vil for ein stor del vere sjølvfinansierande gjennom effektivisering og spart energi. I tillegg kjem vinsten av betre og meir moderne tenester til innbyggjarane.

Byrådet ber no bystyret om løyve til å starte opp arbeidet med å førebu ei innvendig rehabilitering av rådhuset. I prosjekteringa skal det freistast å få same effektive arealbruk som om bygget var nytt. Det er sett eit mål maksimalt 23 kvadratmeter for kvar arbeidsplass. Finansieringa av prosjektet vil bli innarbeidd når økonomiplanen for 2018-2021 skal rullerast til hausten.

To etatar først ut

På området byutvikling er det skipa to nye etatar etter at fleire tidlegare etatar har slått seg saman. Dei to etatane, Plan- og bygningsetaten og Bymiljøetaten, skal flytte saman i nye lokale. Lokala desse etatane flyttar ut frå skal nyttast til erstatningslokale for tilsette i rådhuset i byggeperioden. Logistikken for arbeidet med rådhuset heng nært saman med tidsplanen for flyttinga av dei to nemnde etatane.

Dette kan tidlegast skje sommaren 2018. Ombygginga av rådhuset vil ta minst ta mellom eitt til halvanna år. Bygget kan tidlegast vendast tilbake til i midten av 2019. Flyttinga av etatane på byutvikling og arbeidet på rådhuset vil vere første lekk i å rydde opp i arealbruken som kommunen har i sentrum.

Byrådet innstiller i saka neste veke. Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta i saka.