Gå tilbake til:
Du er her:

Kommunen vil kjøpe Postterminalen

Byrådet rår til at Bergen kommune tar over Postterminalen på Minde. Eigedomen skal sikre kommunen ein sentral skuletomt i Årstad bydel.

Bystyret må godkjenne kjøpet av eigedommen som ligg i Kanalveien 52B. Kjøpssummen er på 240 millionar kroner. Investeringa vert finansiert gjennom ein post avsett til strategiske eigedomskjøp i investeringsbudsjettet for 2017.

Eigedomskjøpet er tenkt gjennomført ved at Bergen kommune kjøper aksjane i selskapet Posten eiendom Kanalveien AS.

Bakgrunnen for at byrådet meiner kommunen bør kjøpe Postterminalen er at bystyret har bede om at kommunen sikrar seg ei skuletomt i sentrale delar av Årstad bydel. Dette vedtaket kom i samband med handsaminga av skulebruksplanen for 2016-2030.

Kommunen har vore i tingingar med Posten sidan august 2017. Kjøpssummen er den same som taksten for eigedomen. Kjøpsavtalen gir Posten adgang til å leige eigedomen tilbake i ein nærare avtalt periode.

Saka går vidare til komité og bystyre.

Les dokumenta