Gå tilbake til:
Du er her:

Slepp nynorsken fri i kommunen

Byrådet ønskjer å betre kåra for nynorsken i Bergen. Alle tilsette skal fritt kunne skrive på den målforma dei ønskjer i tenesta for kommunen. Nynorsk skal også bli meir synleg.

– Eg ønskjer ein kommune som ikkje har eit likesælt forhold til språk. Minst ein tidel av innbyggjarane i Bergen nyttar nynorsk. Bergen kommune har eit ansvar for å ta vare på begge målformene våre, seier byrådsleiar Harald Schjelderup.

53 førsteklassingar

Byrådet legg fram ei sak for bystyret som omhandlar kåra til nynorsken i Bergen. I saka har byrådet gått gjennom tilstanden til nynorsken på dei fleste områda av bysamfunnet. Nynorsken er på mange område utsett i Bergen. I gjeldande skuleår er det 53 førsteklassingar som har nynorsk som opplæringsmål i kommunen. Samstundes står det vel til med nynorsken i kulturlivet og store delar av offentleg forvaltning heimehøyrande i Bergen.

– Bergen har i alle år vore språkleg nøytral kommune. Det har mest å seie for høvet mellom kommunen og statlege styremakter. Tilsette har også hatt fridom til å skrive på den målforma dei ønskjer. Men det har vore hinder som vi no ønskjer å fjerne, seier Harald Schjelderup.

Meir og synleg nynorsk

Framleis skal kommunen følgje god forvaltningsskikk, slik at innbyggjarar og andre skal få svar på same målform som dei vende seg til kommunen med.

Eitt hinder har vore at politiske saksdokument og kunngjeringar som hovudregel skulle skrivast på bokmål. Dette vil byrådet no fjerne ved at dei som skriv saksutreiingar no fritt kan velje mellom bokmål og nynorsk. I dag utgjer nynorskinnhaldet av aktuell informasjon på kommunens nettstad 2,3 prosent. I saka tar byrådet til orde for å talfeste nynorskprosenten til 10 prosent.

Tre mål for nynorsken

– Byrådet har tre språkpolitiske mål for nynorsken: Det skal vere sutalaust å vere nynorskbrukar, det skal vere lett å velje nynorsk og ikkje minst syte for at nynorsken er meir synleg i Bergen, seier byrådsleiaren.

Dei tre språkpolitiske måla er konkretiserte i 21 tiltak for nynorsk i Bergen kommune. Tiltaka omfattar alle byrådsavdelingane.

– Bergen kommune skal leggje til rette for at tilsette fritt kan bruke den målforma dei vil og støtte dei tilsette som ønskjer å skrive nynorsk. Tilsette som ønskjer kurs i nynorsk må få tilbod om dette, seier byrådsleiar Harald Schjelderup.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta i saka