Gå tilbake til:
Du er her:

Ber om løyve til å starte arbeid på rådhuset

Byrådet ber bystyret om å løyve til å gjennomføre dei innvendige og utvendige arbeida på Bergen Rådhus. Kostnadsramma er på til saman 450 millionar kroner.

Fasaden på Bergen Rådhus har snarleg trong for omfattande rehabilitering. Det er også vedtatt at bygget samstundes skal oppgraderast på innsida. Arbeidsplassane skal byggjast om til å bli aktivitetsbaserte i tråd med vedtatt konsept for kontorarbeidsplassar i kommunen.

Rådhuset har alvorlege rustskadar i fasaden som gir utspreng og gjer at betongbitar losnar. Ytterveggane merkar seg ut ved å vere utførte i naturbetong med elvestein som utvendig struktur. Arbeidet med fasaden vil vere såpass støyande at bygget likevel måtte fråflyttast medan arbeidene pågår. Eit utflytta rådhus gir høve til å oppgradere innsida også.

Det pågår arbeid med å førebu eit romprogram for prosjektet. Ein forprosjektrapport med kalkyler vil venteleg vere klar i juli 2018. Eit konkurransegrunnlag for prosjektet skal vere klart til utlysing seinare i 2018. Byggearbeida skal etter planen ta til våren 2019. Dei tilsette i rådhuset vil i byggetida ha mellombels tilhald i kommunale bygg i rådhuskvartalet og Neumanns gate.

Etter planen skal eit rehabilitert rådhus stå klart i midten av 2020. Kostnadsramma i gjennomføringssaka som no skal til handsaming er den same som i gjeldande økonomiplan.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.


Les dokumentene i saka