Gå tilbake til:
Du er her:

Saman eig vi selskap for 7,7 milliardar

Den samla eigarskapen til Bergen kommune er no mellom to permar i den ferske eigarskapsmeldinga frå byrådet. Kommunen eig 35 aksjeselskap med ein rekna marknadsverdi på 7,7 milliardar kroner.

Byrådet har lagt fram melding om eigarskap som kommunen har i selskap og føretak. Meldinga gir mykje informasjon om dei 35 aksjeselskapa, det eine samvirkeføretaket og dei to interkommunale selskapa som kommunen har eigardel i. Her kan du bli kjent med alle selskapa, lese om korleis det står til med dei og kva mål bystyret set for eigarskapen. I meldinga kjem byrådet med ti prinsipp for god eigarstyring frå kommunen.

Alle selskapa har kome med bilete som gir eit innblikk i verksemda deira, anten det er produksjon av kraft i BKK eller keramikk i ein arbeidsmarknadsbedrift.

Dei seks største selskapa utgjer 98 prosent av dei økonomiske verdiane i kommunen sin eigarportefølje. Størst av alle er BKK som har ein verdi for kommunen på 6,6 milliardar kroner. Dei andre selskapa er mindre, men er viktige for bysamfunnet for arbeidet dei gjer innan byutvikling, kultur, inkluderande arbeidsliv, næring og idrett.

I eigarmeldinga gjer byrådet opp status for eigarskapen og seier kva slags strategi kommunen som eigar bør ha for kvar av verksemdene. Til skilnad frå tidlegare eigarskapsmeldingar har byrådet gått bort frå å dele inn føremålet med eigarskapen i ulike kategoriar, som til dømes finansielt føremål eller politisk føremål. Omtalen av selskapa er i plassen delt inn etter kva byrådsavdeling som følgjer dei opp i det daglege.

Her er nokre av forslaga i meldinga som byrådet ønskjer at bystyret skal ta stilling til:

  • Bystyremedlemer skal ikkje vere styremedlemer i selskap kommunen er eigar i, også arbeidsmarknadsverksemder og kommunale føretak
  • Ingen skal sitje lenger i same styre enn samanhengande 8-10 år
  • Leiarløna i selskapa skal uttrykkje moderasjon, men vere konkurransedyktige. For mindre selskap skal lønsnivået spegle lønsnivået for tilsvarande stillingar i kommunen
  • Selskapa skal gjere seg kjende med og opptre i samsvar med måla og tiltaka i kommunen sin klima- og energihandlingsplan

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre

Les dokumenta