Gå tilbake til:
Du er her:

Gir kulturhuset i Åsane klarsignal

Byrådet rår til at nytt kulturhus i Åsane kan gjennomførast med ein kostnad på totalt 196,5 millionar kroner. Kulturhuset skal husast saman med ein ny vidaregåande skule.

Prosjektet er no kome så langt at tida er inne for eit gjennomføringsvedtak. I innstillinga til bystyret rår byrådet til at det kan løyvast 196,5 millionar kroner til Åsane kulturhus.

Sameige med fylket

Kulturhuset skal byggjast saman med fylkeskommunen sin nye vidaregåande skule i Åsane. Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune vil vere sameigarar og eige kvar sin seksjon av bygget. Kultur- og bibliotekdelen utgjer kring 4050 kvadratmeter av det samla arealet på 26.700 kvadratmeter.

Bibliotekdelen vil ha eit areal på 980 kvadratmeter, inkludert eit studiesenter. Strategien for val av løysingar har vore at lokala skal vere opne, fleksible og tilgjengelege. Det skal opplevast som den felles stova til åsabuen. Frå torget i første etasje kjem publikum inn i smakebitsona av biblioteket. Areala er også tilrettelagt for arrangement for både barn og vaksne. Nærare skildring av løysinga finn du i byrådssaka og det vedlagte fagnotatet frå Etat for utbygging.

Stor takhøgde

Kulturdelen elles skal ha plass til kulturarenaer og formidlingslokale. I utforminga av salane er det lagt vekt på oppdaterte og nyskapande løysingar. Det blir teleskopamfi, variabel akustikk og sjølvsagt scenelys.

Kultursalen blir på 540 kvadratmeter. Scena vil utgjere 200 kvadratmeter. Det skal vere rom for 485 sete fordelt på 13 rader i rulleamfi og fire rader i fast amfi. Takhøgda blir på 12 meter som er viktig for grunnakustikken og det scenetekniske utstyret. Dersom publikum vel å stå kan salen ha kapasitet på inntil 1.000 personar.

Øvingsrom og dansesal

Det blir også rom for ein multisal på 160 kvadratmeter med plass til 130 personar og ei scene på 50 kvadratmeter. Dersom publikum her vel å stå er det rom for inntil 250 personar.

Utstillingslokalet blir på vel 70 kvadratmeter og er plassert mot torget og biblioteket. I tillegg skal kulturhuset ha rom for kulturverkstader og aktivitetslokale som øvingsrom og dansesal.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta