Gå tilbake til:
Du er her:

Eidsvåg får skule og idrettshall til 516 millionar

Prosjektet for nybygg og rehabilitering av Eidsvåg skole med idrettshall er klart for gjennomføringsvedtak. Prosjektet har ein totalkostnadsramme på 516,4 millionar kroner.

I tillegg til rehabilitering og nybygg av Eidsvåg skole, har bystyret vedtatt at det også skal byggjast ein idrettshall i området. Den nye store idrettshallen skal byggast inn i terrenget. Det vil seie at taket på idrettshallen blir ein del av uteområdet på skulen.

Skuledelen av prosjektet er dimensjonert til å kunne huse 300 elevar med høve for ei potensiell utviding til 350 elevar. Hovudbygget frå 1952 skal framleis bli ståande, mens dei andre bygga med unntak av ei tyskarbrakke skal rivast og erstattast av nybygg. Nybygget vil vere i massivtre og ha passivhus-standard.

Bygget frå 1952 skal totalrehabiliterast. I nybygget skal dei minste trinna ha sine heimeområde. Det er denne delen av skulen er lagt til rette for framtidige utvidingar.

Det er allereie bygd ein erstatningsskule for elevane ved sida av skulen. Elevane skal bruke denne i byggeperioden. Den skal sidan nyttast som erstatningsskule for andre skular i Åsane bydel.

Dersom framdrifta går som den no er planlagt er det eit mål å ha skuleanlegget ferdig 2. kvartal 2022. Framdrifta vil avhenge av reguleringsarbeidet som no går før seg.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta