Gå tilbake til:
Du er her:

Tre bustadprosjekt rimelegare enn budsjettert

Sluttrekneskapen for tre kommunale bustadprosjekt viser at dei blei 28 millionar kroner rimelegare enn budsjettert.

Byrådet har lagt fram sluttmelding for investeringsprosjekta Gartnermarken omsorgsboliger, eit bufellesskap i Dag Hammarskjølds vei og utleigebustadar i Merkurveien til godkjenning i bystyret.

Til saman vart dei tre prosjekta 28 millionar kroner rimelegare enn føresett i budsjettet. Det sparte kommunen for tilsvarande beløp i lånekostnadar.

Gartnermarken omsorgsboliger for eldre har 58 omsorgsbustadar, eldresenter og garasjeanlegg. Då det vart vedtatt gjennomført var investeringsramma på 236,4 millionar kroner. Sluttrekneskapen viser 210,4 millionar kroner. Prosjektet vart rimelegare fordi marknaden for denne typen prosjekt var gunstig på tidspunktet det vart gjennomført. Omsorgssenteret har vore i drift sidan 2016.

I Dag Hammarskjølds vei vart seks vanlege utleigebustadar råka av brann i 2012, vedtatt bygd opp att i 2015 og tatt i bruk 2017. Prosjektet fekk ei budsjettramme på 14 millionar kroner, men blei 700.000 kroner rimelegare.

I Merkurveien på Natland har kommunen 12 utleigebustadar som blei tekne i bruk i 2016. Prosjektet skulle koste 39,5 millionar kroner. Sluttrekneskapen viser at det blei 1,45 millionar kroner rimelegare.

Saka går vidare til komité og bystyre.

Les dokumenta