Gå tilbake til:
Du er her:

Desse oppgåvene får dei nye bydelsstyra

For å styrke folkestyret i Bergen har bystyret vedteke at det skal innførast politiske bydelsstyre. Byrådet føreslår no kva oppgåver og fullmakter styra skal ha når dei kjem på plass i 2020.

Bergen har åtte bydelar. Tidlegare har det vore lokale politiske utval på bydelsnivå i Bergen. For å styrke lokaldemokratiet i byen har bystyret bestemt at det skal opprettast bydelsstyre i kvar bydel frå 1. januar 2020. Målet med bydelsstyra er å utvikle nærdemokratiet og gjere det lettare for innbyggarane å ta del i det lokale folkestyret.

Byrådet har no lagt fram ei sak for bystyret med framlegg til kva mandat, oppgåver og fullmakter bydelsstyrane skal ha. Innføringa inneber at Bergen får fleire folkevalde representantar. Byrådet meiner bydelsstyra må ha ei viss breidde av oppgåver.

Byrådet meiner at bydelsstyra sjølv kan definere oppgåver dei ønskjer å involvere seg i, så lenge ikkje oppgåva eller myndet er lagt til eit anna politisk organ.

Ombod for bydelane

Bydelsstyra skal fatte avgjerd og kome med tilrådingar til andre organ på bystyresida i saker dei får til handsaming og som gjeld eigen bydel. I virket sitt skal bydelsstyra fremje dei hovudmåla som kommunen har sett gjennom overordna planar.

På eige initiativ skal bydelsstyra kunne setje tema på dagsorden lokalt og kunne be bystyret om å vurdere om byrådet skal greie ut konkrete saker. Bydelsstyra skal ta opp saker som gjeld eigen bydel og eigne innbyggjarar overfor overordna organ på bystyresida.

Bydelsstyra skal leggje til rette for å involvere innbyggjarane og skal fungere som ombod for folket i bydelen. Dei skal kunne reise bydelsinitiativ om saker som byrådet må vurdere.

Når det gjeld drifta av tenester i bydelen, er dette ikkje noko som ligg til bydelsstyra.

Kan velje oppgåver

Byrådet meiner at bydelsstyra sjølv i stor mon skal definere kva oppgåver dei ønskjer å involvere seg i. Dei skal likevel ikkje styre drifta av kommunale tenester i bydelen og heller ikkje ta på seg oppgåver som allereie ligg til eit anna politisk organ.

Døme på oppgåver kan vere å bidra til arealstrategiar for den lokale samfunnsutviklinga. Bydelsstyra skal kunne uttale seg som høyringsinstans i plansaker som skal byrådet og bystyret.

Bydelsstyra kan delta i prosjektgrupper i samband med at planar og strategiar for større område vert utarbeidde. Dei kan engasjere seg og kome med meiningar når arbeidet med ein offentleg areal plan blir starta opp. Bydelsstyra kan vere høyringsinstans i samband med private planar.

Bydelsstyra kan ta del i arbeidet med Bergen bylab som skal vere eit laboratorium for by- og stadutvikling. Dei kan setje i gang aktivitetar som skaper samhøyr på tvers av ulike grupper i bydelen.

Bydelsstyra blir inviterte til å gi innspel til tiltak som kan jamne ut levekårsskilnadar i bydelen.

Bydelsstyra kan uttale seg om sals- og skjenkeløyve for alkohol, samarbeide med frivilligsentralane og ta initiativ til informasjonskveldar om tenestetilbodet. Dei vil vere høyringsinstans for overordna planar og saker som gjeld barnehage, skule og idrett. Dei lokale styra kan uttale seg om kva tiltak for å tryggje trafikken dei ønskjer å prioritere.

Bydelane vil få eigen bydelspott som dei kan nytte til mellom anna tverrsektorielle prosjekt eller førebyggjande aktivitetar. Bydelsstyrane skal tidleg i budsjettprosessen kunne kome med framlegg til lokal prioritering av investeringar.

Fullmakter

Bydelsstyra får fullmakt til å tildele lokale tilskot til aktivitetar på bydelsnivå. Styra skal også få mynde til å handsame mindre klagesaker etter plan- og bygningslova.

Dei kan gi namn på vegar i eigen bydel og namngje nye kommunale barnehagar, skular og idrettsanlegg. Namnsettinga må vere i tråd med overordna retningslinjer.

I framlegget frå byrådet skal bydelsstyra også kunne fordele brukstid for det lokale lagslivet i kommunale bygg som er eigna for bruk på kveldstid.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta i saka