Gå tilbake til:
Du er her:

Bergen Vann med 8,3 millionar i overskot

Det kommunale føretaket Bergen Vann KF fekk i 2018 eit overskot på 8,3 millionar kroner. Byrådet rår til at fem millionar kroner av overskotet overførast til bykassa.

Byrådet skal legge fram årsmelding og årsrekneskap for Bergen Vann KF til handsaming i bystyret. Styret i føretaket har kome med forslag til korleis resultatet i rekneskapen skal disponerast. Byrådet sluttar seg til dette framlegget og rår bystyret til å gjere det same.

Fem millionar kroner av overskotet vert då overført til bykassa. Resten av overskotet vert overført til disposisjonsfonda som Bergen Vann KF har. Den største delen av dette, 2,7 millionar kroner, vert overført til disposisjonsfond for å dekke inn framtidig pensjonsskyldnad.

Byrådet er nøgde med resultatet til føretaket og nemner særleg arbeidet med å stø seg til nye løysingar for å betre drifta. Byrådet er vidare nøgde med at føretaket tilbyr kompetanse til andre, mellom anna kommunane Os og Askøy.

Salet av tenester utanfor sjølvkostområdet utgjorde i 2018 ni prosent av den totale omsetnaden til føretaket.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta i saka