Gå tilbake til:
Du er her:

Miljøprosjekt i 17 kommunale bygg

17 kommunale bygg er omfatta av eit prosjekt til 35 millionar kroner som skal gjere dei meir gjerrige på straum, venlegare mot miljøet og betre inneklimaet. Byrådet rår til å gjennomføre prosjektet.

Kommunen har klima- og miljømål om å vere fossilfri i 2030, ikkje bruke olje til oppvarming og redusere bruken av energi i kommunale bygg med 25 prosent innan ti år.

Pilotprosjekt

Etat for bygg og eiendom har starta opp eit prosjekt som skal nå desse måla. Dette er i første omgang eit pilotprosjekt retta mot 17 kommunale bygg. Bygga som er valde ut, omfattar alle typar føremålsbygg som brannstasjonar, sjukeheimar, skular, idrettshallar og kontorbygg.

Det er sett av 35 millionar kroner på budsjettet til prosjektet. Byrådet ber no om løyve frå komité for finans, kultur og næring til å gjennomføre det. Byrådet rår til at tiltaka vert utførte og sette i gang. Dei meiner at tiltaka vil gjere bygga meir energieffektive og miljøvennlege.

Omsyn til miljøkrav

Dei planlagde tiltaka skal vere med på å senke bruken av energi i dagleg drift. Alle oppgraderingar skal ta omsyn til miljøkrav. Varmepumper og kjøleanlegg skal ha naturlege kjølemedium så langt dette er mogeleg. Oppgradering av sentrale driftsovervakingsanlegg og ventilasjon vil gi betre inneklima.

Saka går vidare til handsaming i komité.

Les dokumenta i saka.