Gå tilbake til:
Du er her:

Legg fram 2. tertialrapport for 2019

Byrådet har lagt fram den andre tertialrapporten i 2019 om økonomien i kommunen. Prognosen viser eit mindreforbruk samanlikna med budsjett på 176,2 millionar kroner.

Tertialrapporten skildrar den økonomiske stoda til Bergen kommune for dei åtte første månadane i 2019.

LES MEIR: 2. tertialrapporten hjå Framsikt

LES MEIR: 2. tertialrapport som PDF

På driftsbudsjettet viser prognosane eit mindreforbruk på 176,2 millionar kroner samanlikna med justert budsjett.

For sentrale budsjettpostar som frie inntekter og finanspostane er det eit positivt avvik på 217,1 millionar kroner. For tenesteområda er det prognosar om eit meirforbruk på 40,9 millionar kroner.

Les dokumenta i saka

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.