Gå tilbake til:
Du er her:

Ønskjer å straffe språkbrot

Byrådet føreslår i høyringa til ny språklov å gi Språkrådet høve til å straffe hyppige brot på lova. Språkvedtaka i kommunane meiner byrådet bør avgjere kva språk fylkeskommunen skal nytte.

Kulturdepartementet har sendt forslag til ny heilskapleg språklov på høyring. Den nye lova skal erstatte noverande mållov. Føremålet er å lovfeste statusen til norsk språk, samiske språk, norsk teiknspråk og minoritetsspråk som staten har eit ansvar for.

I framlegget til høyringsfråsegn skriv byrådet at det er på høg tid at Noreg får ei språklov som har større ambisjonar enn å berre handle om språkbruken i statleg teneste. Det offentlege Noreg har på alle nivå eit ansvar for norsk språk og eit særleg ansvar for å ta vare på mindretalet og minoritetsspråka sine interesser. Kommunen er særleg glad for at lova er tydeleg på ansvaret offentlege organ har for å fremje nynorsk.

Må kunne sanksjonere

I lovframlegget skal Språkrådet få ei tydelegare rolle. Byrådet meiner at rådet i tillegg til råd og tilsyn også bør ha høve til å kunne straffe gjentatte brot på mållova.

Departementet har bede høyringsinstansane om å kome med ei tilråding til kva reglar som skal gjelde for fylkeskommunane i den nye lova. I framlegget er det eit alternativ der fylkeskommunane må rette seg etter fleirtalet av dei kommunale språkvedtaka når det gjeld kva språk dei skal bruke.

Må følgje kommunefleirtalet

Byrådet ser dilemmaet mellom omsynet til regionalt sjølvstyret og det å ta frå fylkeskommunen retten til å gjere eige språkvedtak. Samstundes skal fylkeskommunane, på same vis som regionale statsorgan, spegle språkkulturen og innbyggjarane i den tenestekrinsen dei er satt til å tene.

Saka skal handsamast vidare av komité og bystyre.

Les dokumenta i saka