Gå tilbake til:
Du er her:

Skal gi klarsignal for ny brannstasjon i Fana

Byrådet rår til at prosjektet om å byggje ny brannstasjon i Fana vert gjennomført med ei investeringsramme på 115 millionar kroner.

Den nye brannstasjonen skal byggjast att med Fanavegen i Rådal. Stasjonen kjem i staden for den noverande Fana brannstasjon på Paradis. Bergen brannvesen har trong for ein stasjon med meir sentral plassering i Fana. Bystyret skal ta stilling til om å prosjektet skal gjennomførast slik det ligg føre.

Den nye brannstasjonen skal også ha trenings- og øvingsfasilitetar for sikring og redning. Stasjonen skal også leggjast til rette for brannvesenet sitt utovervende arbeid mot barn.

Tomta har eit samla areal på 2.000 kvadratmeter. Det er naudsynt å byte ut massane på tomta grunna ureining i grunnen. Tomta ligg nært gamle Rådal jernbanestasjon og delar av traseen til den tidlegare jernbana til Os.

Reguleringsplanen er klar for førstegongshandsaming. Bygget vil få innovative løysingar som energibrønnar, solfangarar og eit grønt levande tak. Det er stilt strenge miljøkrav. I samband med anleggsdrifta skal det vere ikkje vere utslepp av fossile gassar.

Etter noverande framdriftsplan skal byggearbeidet ta til hausten 2020 og det skal vere klart til å flytte inn ein gong ved årsskiftet 2021/2022.

Saka skal handsamast vidare av utval og bystyre.

Les dokumenta