Gå tilbake til:
Du er her:
Erstatningsskolen i Eidsvåg
BILLEGARE: Erstatningsskulen i Eidsvåg blei litt billegare enn rekna med. Skulebygget er modulbasert og erstattar no Eidsvåg skole som er under nybygging og rehabilitering.
Bilde: Trude Haugen

Erstatningsskulen i Eidsvåg kom ut i pluss

Sluttmeldinga for erstatningsskule i Eidsvåg viser at prosjektet blei 157.320 kroner billegare enn justert budsjett.

No er sluttrekneskapen for bygginga av erstatningsskulen i Eidsvåg klar. Rekneskapen viser at gjennomføringa av prosjektet kosta 132,3 millionar kroner. Og enda med det litt under justert budsjett med ei innsparing på 157.320 kroner.

Skal brukast av fleire skular

Skulen er bygd for å huse elevane på Eidsvåg skole som for tida er under utbygging og totalrehabilitering. Den skal seinare nyttast av andre skular i Åsane når turen kjem til at dei skulane skal fiksast på.

Erstatningsskulen er prosjektert er krava i skulebruksplanen og berre nokre få avvik på dei arealkrava som er sett i denne planen. Bygget er oppført som modular som er produsert lokalt i kommunen vår.

Tatt i bruk 2018

Bygget var klart til bruk til skulestart hausten 2018, men innflyttinga starta allereie i slutten av mai 2018. I gjennomføringa har grunnforholda vore krevjande. Det har også vore naudsynt å leggje om vass- og avløpsanlegg. I tillegg har prosjektet måtte ta omsyn til at Eidsvåg skole var i full drift på nabotomta.

Saka blei behandla i byrådsmøtet 22. desember. 

Les dokumenta