Inngangspartiet til Strømgaten 1
UNGDOMSSKULE: Byrådet vil gjere staselege Strømgaten 1 om til ein mellombels ungdomsskule. Bygget er freda som påkosta og representativt skulebygg.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Vil gjere Strømgaten 1 om til mellombels ungdomsskule

Elevane på ungdomssteget i sentrum treng meir plass. Dei neste ti åra foreslår byrådet bruke Strømgaten 1 som avlastningsskule for dei øvste trinna i grunnskulen.

Etter at kunststudentane pakka ned staffelia og bygget gjekk tilbake til kommunen har det ikkje mangla på forslag om kva Strømgaten 1 skal brukast til. Eitt forslag har vore å bruke bygget til å bøte på kapasitetsutfordringane på dei øvre stega i grunnskulen.

Ein ungdomsskule i sentrum

Bergenhus bydel har berre éin ungdomsskule. Stor tilflytting til bydelen av familiar med born i ungdomsskulealder gjer at kapasiteten på Rothaugen er sprengd. Kommunen har leitt etter ei mellombels og ei langsiktig løysing. No ser den mellombelse løysinga ut til å bli den gamle kunsthøgskulen i Strømgaten.

Byrådet foreslår å bruke Strømgaten 1 som avlastningsskule for å dekke noko av trongen for elevplassar på ungdomssteget i sentrum. Tilbodet er meint å vare i ti år. Strømgaten 1 skal ha plass til 90 elevar. Det freda bygget treng oppgradering og tilpassingar for denne bruken. Etter planen skal ungdomsskulen takast i bruk frå hausten 2023.

Skjerma for støy

Illustrasjon av støyskjerming på Strømgaten 1
STØYSKJERMING: Parkeringsplassen blir til skuleplass som skal skjermast med eit gjennomsiktleg støygjerde i glas.
Bilde: Etat for bygg og eiendom

Skuledelen er planlagd i 2. etasje med tilgang til toalett i 1. og 3. etasje. Det er naudsynt å gjere nokre tilpassingar av bygget for å stette krav til branntryggleik, inneklima og støy. 

Parkeringsplassen skal gjerast om til skuleplass. Skuleplassen får ein støyskjerm i gjennomsiktig glas bak det eksisterande smijernsgjerdet som vender mot  Strømgaten. Fleire detaljar om kva som skal gjerast finn du i fagnotat frå Etat for bygg og eiendom.

Prosjektet er rekna til å koste 25 millionar kroner. Byrådet rår utval for finans, kultur og næring til å vedta gjennomføringa av prosjektet. 

Historie

Strømgaten vart oppført 1875-76 for Bergen tekniske skole som hadde tilhald her fram til 1963. Då flytta kunsthøgskulen inn. Bygget blei i si tid reist av Bergen kommune med rentefrie lån frå søndagsskule, sparebank og Det nyttige selskap.

Saka skal til vidare handsaming i utval og bystyre. 

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 26. januar