Gå tilbake til:
Du er her:

Ny Tveiterås skole klar til gjennomføring

Noverande Tveiterås skole skal rivast og erstattast av eit nybygg. Byrådet rår til at prosjektet blir gjennomført med ei ramme på 262,6 millionar kroner.

Tveiterås skole på Paradis er ein spesialskule som i dag har lokale som er lite eigna både for elevane og dei tilsette. Kommunen har arbeidd med fleire alternative løysingar for skulen. Bystyret har vedtatt at den løysinga som skal gjennomførast er å rive det noverande bygget og reise eit nybygg på tomta. No legg byrådet fram ei sak for bystyret om endeleg vedtak på å gjennomføre prosjektet.

Trong for tilrettelagde tilbod

Elevane på Tveiterås har særleg trong for eit tilrettelagt undervisningstilbod. Det noverande bygget har ei utforming som er lite eigna for brukarar av rullestol. Kartlegginga av tilstanden på skulen har også vist at det er eit monaleg etterslep når det gjeld vedlikehaldet.

Målet for prosjektet er å gi dei 40 elevane og dei 60 tilsette ein funksjonell skule som er på høgde med liknande skular i landet. Det eksisterande bygget skal rivast i sin heilskap og same staden skal det reisast eit nybygg.

Nybygget er tenkt noko breiare. Volumet vert òg annleis, men sjølve utforminga vil ikkje opplevast som svært forskjellig frå det noverande bygget.

Miljøomsyn

I byggeperioden skal elevane nytte erstatningsskulen på Sydneshaugen. Dette vil skje frå årsskiftet 2020/21 når Nordnes oppveksttun er ferdig. Erstatningsskulen må byggjast noko om for å leggje til rette for borna frå Tveiterås.

Rivinga vil skje så snøgt elevane har flytta ut. I prosjektet skal det vere god medverknad frå brukarane. Skulen skal kunne vende tilbake til nybygget til skulestart hausten 2023.

Den nye skulen skal bruke miljøvennlege materiale og det er lagt om til krav om gjenbruk. 

Saka vert handsama av byrådet 28. mai 2020. Den går vidare til handsaming i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka