Gå tilbake til:
Du er her:
Illustrasjon av Garnes ungdomsskule og idrettshallen
NYTT OG REHABILITERT: Garnes ungdomsskule blir heilt ny og idrettshallen til høgre i biletet skal rehabiliterast.
Bilde: TERJE GRØNMO ARKITEKTER AS

Ny ungdomsskule på Garnes klar til å gjennomførast

Gjennomføringa av prosjekta ny Garnes ungdomsskule og utbetring av idrettshallen blir lagt fram for bystyret. Skulen har ei investeringsramme på 725,6 millionar og idrettshallen 80,4 millionar kroner.

Bystyret fattar vedtak om å gjennomføre større investeringsprosjekt. Byrådet rår i to ulike saker til at bystyret godkjenner prosjektet for å gjennomføre ny Garnes ungdomsskule og rehabilitering av idrettshallen ved skulen. Denne omtalen gjeld begge prosjekta.

- Elevane og lærarane på Garnes ungdomsskole har venta lenge. Erstatningsskulen er på plass. No kan vi snart gå i gang med det viktigaste prosjektet, den nye skulen. Den nye ungdomsskulen og den rehabiliterte idrettshallen blir noko Arna kan bli stolte av og bruke både i og utanfor skuletida, sier byråd for finans, næring og eigedom, Per-Arne Hvidsten Larsen.

Ny ungdomsskule med miljøambisjonar

Noverande Garnes ungdomsskule består av hovudbygg, idretts- og symjehall, samt ein paviljong. Bygget blei oppført i 1970 og har stått tom sidan juni 2021. Då vart elevane flytta til erstatningslokale i tidlegare Arna gymnas.

Grunna den bygningstekniske tilstanden på det gamle bygget har byrådet tidlegare vedtatt å rive eksisterande bygg og erstatte det med eit nytt.

Den nye skulen skal ha kapasitet til 500 elevar og ha ei forsterka avdeling for 20 elevar. Det nye skulebygget blir hovudsakleg reist i massivtre. Utforminga er basert på eit romprogram som er utarbeidd av Byrådsavdeling for barnehage, skule og idrett

- Eg håpar òg at elevane blir nøgde med dei høge ambisjonane når det gjeld klima og miljø. Skolen skal bruke mindre energi og produsere solenergi sjølv, sier Hvidsten Larsen.

Skulen skal sertifiserast som «veldig bra» (very good) etter miljøordninga BREEAM-NOR. Bygget skal ha passivhusstandard. Bruken av massivtre vil gje mindre fotavtrykk på klimaet og betre inneklima. Flate tak får solcelleanlegg og det skal vere solcellepanel integrert i bygget på dei skrå takflatene. Prosjektet skal i hovudsak gjennomførast som ein fossilfri byggjeplass med ein del utsleppsfrie anleggsmaskiner.

Det er planlagt at nybygget står ferdig 3. kvartal 2025.

Rehabilitering av idrettshallen

Bystyret har tidlegare vedtatt av symjehallen ved ungdomsskulen skal rehabiliterast. Årsaka til dette er standarden på tekniske anlegg og at bassenget ikkje tilfredsstiller krava til godkjenning etter forskrifta om miljøretta helsevern.

Arbeida med idrettsplanen er planlagt gjennomført i same kontrakt som bygginga av den nye skulen. Oppgraderinga gjeld i hovudsak symjehallen og garderobeanlegga til denne. I tillegg til tekniske anlegg og fasadar. Det skal installerast solceller på store delar av takflatene på idrettsbygget.

Byrådet meiner prosjektet er naudsynt for å få tilfredsstillande fasilitetar for idrett ved ungdomsskulen. Anlegget kan også nyttast på kveldstid. Bassenget skal tilpassast eldre og funksjonshemma.

Etter handsaminga i byrådet, skal sakene vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta om Garnes ungdomsskule
Les dokumenta om Garnes ungdomsskule – idrettsbygget

LES OGSÅ: Les sakene fra byrådet 21. april