Gå tilbake til:
Du er her:
Nordnes oppveksttun
BILLEGARE: Arbeida med Nordnes oppveksttun blei billegare enn rekna med i budsjettet, viser sluttmeldinga for prosjektet.
Bilde: Trude Haugen

Oppveksttun blei 34 millionar kroner billegare

No er sluttrekninga for arbeida på Nordnes oppveksttun komen. Kostnaden vart 34 millionar kroner mindre enn justert budsjett for prosjektet.

Byrådet legg fram sluttmeldinga for prosjektet Nordnes oppveksttun for bystyret. Prosjektet har kosta 321 millionar kroner å gjennomføre. Det gir eit mindreforbruk i høve til justert budsjett på 34 millionar kroner, men det er sett av  Samanlikna med budsjett på tidspunktet for gjennomføringsvedtak er det eit meirforbruk på 19 millionar kroner.

Prosjektet har omfatta rehabilitering og ombygging av eksisterande skoleareal på Nordnes. I tillegg er ein barnehagedel lokalisert i eit nytt tilbygg. Uteområdet er også oppgradert.

Lokala vart fråflytta sommaren 2017. Dei innvendige rivearbeida tok til januar 2018 til april 2018. Oppveksttunet stod klart til innflytting ved skulestart august 2020.

Etat for utbygging har identifisert følgjande faktorar som årsaka til mindreforbruket: 

  • Tilstanden på bygningsmassen har totalt sett vore noko betre enn venta.
  • Det har vore høve til å bruke om att rivemassar som fyllmassar.
  • I tillegg har entrepriseforma gitt eit godt samarbeid i prosjektet og dialogen mellom prosjektdeltakarane har vore god. Oppfølginga frå byggherren har også vore god gjennom heile prosjektet.

Fagnotatet, som følgjer saka, inneheld også ei evaluering av prosjektet med gode resultat. Byrådet rår til at sluttmeldinga blir godtatt.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta i saka