Gå tilbake til:
Du er her:
Illustrasjon av ny ungdomsskule på Garnes
Reguleringsplanen for Garnes ungdomsskule går no handsamast for andre gong.
Bilde: TERJE GRØNMO ARKITEKTER AS

Regulerer for ny ungdomsskule på Garnes

Reguleringsplanen for Garnes ungdomsskule skal no handsamast for andre gongen. Planen skal leggje til rette for oppføring av nytt skulebygg som skal erstatte dagens skulebygg.

Bergen kommune ved Etat for utbygging er tiltakshavar for planen. Garnes ungdomsskule er i dårleg stand. Difor er det vedtatt å rive det gamle bygget og føre opp eit nybygg same stad. Føremålet med planen er å leggje til rette for å føre opp eit nytt skulebygg med tilhøyrande uteområde og infrastruktur.

Det eksisterande skulebygget med paviljongar og skur skal rivast. Gymsalen med symjehall blir verande. Det nye skulebygget skal ha rom til 500 elevar og 80 tilsette. Skulen skal òg ha ei forsterka avdeling for 20 elevar.

Det nye skulebygget er føreslått oppført i 3-4 etasjar. I planforslaget blir det òg føreslått å endre på vegsystema i området.

Ei tidlegare motsegn frå Statens vegvesen er trekt.

Byrådet rår til framlegget til detaljregulering blir vedteke.

Byrådet kjem med tilråding 12. mai. Saka skal handsamast vidare av utval og bystyre.

Les dokumenta