Gå tilbake til:
Du er her:

Skal godkjenne utviding av Haukeland skole

Haukeland skole skal utvidast og utbetrast med ei kostnadsramme på 125,5 millionar kroner. Bystyret skal ta stilling til om prosjektet skal gjennomførast.

Haukeland skole har trong for meir plass for å sikre at skulen har plass nok til elevane og for å gje skulen spesialrom som er tenlege. Hovudbygget frå 1973 har behov for oppgradering og nytt ventilasjonsanlegg. Byrådet rår til at prosjektet blir gjennomført slik det ligg føre i saka.

Fossilfri

- Arbeidet på Haukeland skole blir det tredje skoleprosjektet i Bergen med fossilfri byggeplass. Tilbygget for skulen kjem også til å følgje strenge krav til berekraft, både under arbeidet, energi og materialval. Om få år skal vi også ha de første helt utsleppsfrie skoleprosjekta, seier byråd for finans, næring og eigedom, Erlend Horn.

Det er lagt opp til at bygget skal bli eit tilnærma nullenergibygg gjennom lokal energiproduksjon frå solceller på tak og fasade.

- Delar av energien blir produsert på skulen. Dersom vêret er med oss, kan det gi energi tilsvarande forbruket til tre leilegheiter, fortel Horn.

Treng meir plass

Haukeland skole treng meir plass for å ta hand om venta elevtalsauke. Allereie no har skulen tatt i bruk areal til klasserom som ikkje er eigna til denne bruken. Nokre av elevane er også plasserte på Ulriken avlastningsskole på grunn av plassmangelen.

Prosjektet skal reise eit nybygg på tre etasjar. Tilbygget skal vere kopla til det eksisterande skulebygget med ein halvklimatisert gang. Nybygget vil gi skulen ein auke i arealet på 1.313 kvadratmeter.

Tar delar av parkeringsplassen

Tilbygget er tenkt plassert på ein del av tomta som i dag vert brukt til parkering. I arbeidet med prosjektet har det vore viktig å sikre at nybygget ikkje tar areal som skulen nyttar til uteområde.

Etter den førebelse framdriftsplanen kan byggearbeidet ta til på nyåret 2022 og stå ferdig til skulestart 2023.

I byggeperioden vil drifta av Haukeland skole bli flytta til erstatningslokale.

Saka blei behandla i byrådet 22. april og skal vidare til handsaming i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka