Gå tilbake til:
Du er her:

Kan selje eigedom til byarena om vilkåra vert oppfylte

Tre eigedomsutviklarar ønskjer å få realisert eit byarenaprosjekt på Nygårdstangen. Byrådet seier seg villige til å selje eigedom til dette føremålet dersom prosjektet lèt seg gjennomføre.

Dei tre eigedomsutviklarane er Olav Thon Gruppen, Rexir AS og EGD Property. På Nygårdstangen ønskjer dei å realisere eit prosjekt som forutan byarena skal omfatte hotell, bustadar og næring.

Prosjektet er førebels i ein tidleg fase. Det føreset rivning av Bygarasjen og Bergen kommune er grunneigar for areala. Utviklarane har meldt at dei ønskjer eit prinsippvedtak frå bystyret, der kommunen seier seg villig til å selje dei aktuelle eigedomane til utviklarane. Føresetnaden er at prosjektet kan realiserast.

Byrådet si tilråding er at kommunen er positive til å selje naudsynt eigedom til utviklarane på visse vilkår. Endeleg sak om sal vil bli lagt fram for bystyret når det er tilstrekkeleg klart at prosjektet kan gjennomførast i tråd med dei føringane som bystyret har sett for å etablere ein byarena i Bergen.

Byrådet meiner at dersom reguleringsarbeidet viser at det er mogeleg å etablere ein byarena på Nygårdstangen, er kommunen villig til å selje på marknadsmessige vilkår. Byrådet har forståing for at utviklarane i ein tidleg fase treng rimeleg tryggleik på at kommunen er positive til å selje til dei.

Saka vert handsama av byrådet 28. mai 2020. Den går vidare til handsaming i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka