Gå tilbake til:
Du er her:
Flyfoto over Dokken
SELSKAP: Dokken utvikling AS blir truleg namnet på selskapet som skal drive fram utviklinga av den nye bydelen i det noverande hamneområdet.
Bilde: Arne Ristesund, Bergensavisen

Og namnet blir: Dokken utvikling AS

Dokken utvikling AS blir venteleg namnet på det kommunalt eigde selskapet som skal stå for utviklinga av eigedomane som kommunen eig i området. Byrådet kjem med tilråding om vedtekter og kapital.

Bystyret har tidlegare vedtatt at utviklingsselskapet for Dokken skal etablerast som eit kommunalt eigd aksjeselskap. Byrådet legg no fram sak om namn på selskapet, vedtekter, eigarstrategi og aksjekapitalen.

– Det er viktig å få til ei utvikling av Dokken som både tener dei kommersielle omsyna og den sosiale byutviklinga som vi ønskjer å skape i området. Eg meiner måten vi organiserer utviklingsselskapet på balanserer dei to omsyna på ein god måte, seier byråd for finans, næring og eigedom, Per-Arne Hvidsten Larsen.

Eineeigar i morselskapet

Bergen kommune kjem til å vere den einaste eigaren i Dokken utvikling AS. Bystyret har tidlegare opna for ein selskapsstruktur der einskilde eigedomar kan leggjast inn i eigne aksjeselskap som kan bli døtrer av Dokken utvikling AS.

I samband med etableringa av selskapet vil det gå med kostnadar. Byrådet rår til at det blir stifta med ein aksjekapital på ti millionar kroner. Finansieringa av drifta i den første fasen blir dekka gjennom tilskot frå bykassa.

Kjem i løpet av 2022

Byrådet vil seinare formelt stifte selskapet når kandidatar til styret er på plass og naudsynte stiftingsdokument er på plass. Dette vil etter planen skje innan utgangen av 2022.

Byrådet ønskjer å bruke rolla som grunneigar på Dokken strategisk for å nå overordna mål for utviklinga av byen. Byrådet meiner at framlegget til vedtekter og eigarstrategi vil ta vare på dette føremålet. Selskapet vil få eit blanda føremål som både skal ta omsyn til kommersielle interesser så vel som omsynet til byutviklinga.

Kommunen som grunneigar

Dokken utvikling AS skal skjøtte grunneigarinteressene til Bergen kommune og delta som representant for grunneigar inn i dei komande planprosessane for området.

Byrådet vil ha fullmakta til å peike ut kven som skal sitje i styret. Byrådet meiner det er viktig at det blir vald eit styre med rett samansett kompetanse og røynsle med tanke på føremålet med og verksemda til selskapet.

Byrådet kom med tilråding i møte 25. mai. Saka skal handsamast vidare av utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 25. mai