Fasaden til dei kommunale bustadene i Lotheveien.
TIL SAMAN: Byrådet ber om å få fullmakt til å selje dei no tomme kommunale bustadene i Lotheveien til studentsamskipnaden.
Bilde: Bergen kommune

Ønskjer å selje bustader i Lotheveien til Saman

Byrådet ønskjer å selje dei 50 husværa i Lotheveien til studentsamskipnaden Saman.

Dei kommunale bustadane i Lotheveien 2-20 er fordelt på tre bygg. Bygga står no tomme i påvente av ei avklaring om kva som skal gjerast med dei. Bygga er utdaterte og må rehabiliterast om dei skal vere ein del av bustadtilbodet til kommunen. Dei har vore brukte som kommunale utleigebustader sidan dei stod ferdige i 1923.

Dilemma

Saka inneheld fleire vanskelege dilemma: Kommunen har trong for fleire bustader for familiar. Ei full rehabilitering og ombygging av Lotheveien til 30 familiebustader vil ha ein betydeleg kostnad for kommunen. 

Kommunen har òg ein strategi, der målet er å få ned talet på kommunale bustader i bydelane Bergenhus og Årstad. Byrådet meiner behovet for fleire familiebustader kan løysast raskare på andre måtar og stader.

260 millionar kroner ville vore investeringsramma dersom kommunen skulle bygge om til 30 husvære for familiar. Kommunen reknar med at eit sal av heile bustadmassen kunne gje ei salsinntekt på om lag 31 millionar kroner. 

Ved eit sal vil byrådet vurdere å setje av investeringsmidlar til å kjøpe familiebustader andre stader. Kommunen vil òg unngå ei stor investeringsutgift med høg pris for kvar bueining.

Interessert samskipnad

Byrådet er kjende med at studentsamskipnaden Saman er interessert i eigedomen i Lotheveien. Samskipnaden har saman med eit arkitektfirma sett på potensialet som ligg i eigedomen. Saman er interessert i å kjøpe eigedomen for å gjere bygningsmassen om til 142 hyblar for studentar.

Byrådet ønskjer å gå i dialog med Saman med mål om sal av Lotheveien 2-20. Byrådet ber om å få fullmakt til å gjennomføre salet, dersom partane kjem til semje om pris og andre vilkår.

Byrådet kjem med tilråding i møte 1. juni. Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta

Her er sakene fra byrådet 1. juni