Gå tilbake til:
Du er her:
Postterminalen på Minde
POST POSTEM: Kommunen eig postterminaltomta. På tomta vil byrådet samle ei rekkje kommunale tilbod som spenner frå skule til omsorgsbustadar.
Bilde: POSTEN

Postterminaltomta kan romme kommunalt generasjonsbygg

Når Posten flyttar ut, vil byrådet gjere eigedomen til postterminalen på Minde om til eit bygg som skal romme mange kommunale funksjonar. Einast barnehage er det ikkje rom for på sjølve tomta.

Byrådet legg fram sak om konseptval for eit fleirbruksbygg på Mindemyren. Dette nærings- og industriområdet går no gjennom ei total omdanning. Ein bydel med bybane som går gjennom heile området er i emning. Bergen kommune kjøpte den tidlegare postterminalen i 2017 for å vere budd på framtidige behov for kommunale tenester.

Barneskule, idrett og omsorgsbustadar

Sidan kommunen kjøpte posteigedomen, har det den siste tida har det vore gjennomført ei utgreiing for å kome fram til kva konsept som skal ligge i botn for den vidare utviklinga av eigedomen.

Byrådet stør framlegget frå Etat for utbygging som tilrår at eigedomen skal utviklast etter eit generasjonskonsept. Målet er at postterminaltomta skal få eit fleirbruksbygg med stor sambruk av funksjonar og areal. Eit viktig premiss i arbeidet er å gjere Solheimsvatnet tilgjengeleg og vidareutvikle det som natur- og rekreasjonsområde.

I det vidare planarbeidet er det lagt til grunn at eigedomen skal romme:

  • barneskule
  • fleirbruksareal for kultur
  • gode uteområde
  • idrettshall
  • Omsorg pluss-bustadar
  • dagaktivitetssenter
  • frivilligsentral
  • nærmiljøbase for heimetenesta

Fordi det ikkje er nok uteområde til barnehage på tomta, meiner byrådet at etablering av barnehage må løysast gjennom samtalar med andre utbyggjarar på myra.

3.400 nye bustadar

I områdeplanen for Mindemyren vart det lagt til grunn minst 1.200 nye bueiningar. Plan- og bygningsetaten estimerer no at det vert planlagd for vel 3.400 nye bustadar i den nye bydelen. Dei, som skal bu her, må ha tilgang til sosial infrastruktur, fritidstilbod, parkar og møtestadar. Difor er det eit arbeid i gang med å lage ei detaljregulering for den nordre delen av Mindemyren. Postterminaltomta inngår i denne reguleringsplanen.

Saka skal behandlast vidare i utval og bystyre.

Les dokumenta

Se sakene fra byrådet 20. mai