Håsteinarparken
BLÅGRØNE STRUKTURAR: Arbeidet med strategien skal gjennomføre ein god medverknadsprosess for å auke kunnskap og interesse for blågrøne verdiar, problemstillingar og interessemotsetnader i Bergen kommune.
Bilde: Kari Ingvaldsen

Startar opp arbeid med strategi for blågrøne strukturar

Blågrøne strukturar er små og store naturområde, vassdrag, kulturlandskap og urbane område lagt til rette for leik og rekreasjon. No kjem ein strategi for blågrøne strukturer i Bergen.

Arbeidet med oppstart av ein strategi for blågrøne strukturar er forankra i Planstrategi for Bergen 2019-2023

Strategien for blågrøne strukturar skal vere ein "paraply" som famnar ei rekkje underliggande tema om blågrøne strukturar. Naturmangfald, arealrekneskap, friluftsliv, urbane byrom (inkludert Barnas byrom) og klimatilpassing er vurdert som dei mest aktuelle tema. Arbeidet med strategien skal belyse og avklare behov for framtidig planarbeid (temaplanar, handlingsplanar og forvaltningsplanar) innafor temaet blågrøne strukturar.

Overordna strategi for å verne blågrøne verdiar

Bergen kommune er forplikta av FNs bærekraftmål og eigne føringar om ein aktiv og attraktiv by. Vidare slår den gjeldande politiske plattforma for byrådet i Bergen fast at Bergen skal vere den grønaste storbyen i Norge. Likevel blir grøne og blå areal stadig bygd ned. Nedbygging av grøne og blå areal fører til utslepp av karbon frå jord og myr, på same tid som behovet for naturbaserte løysingar for å tilpasse oss eit klima i endring aukar.

På bakgrunn av dette er det behov for ein overordna strategi for korleis vi skal vidareutvikle og verne om dei blågrøne verdiane, og vekte viktige omsyn mot kvarandre.

Ulike tema

Strategien vil innehalde mål, strategiar delmål og indikatorar for utviklinga av blågrøne strukturar i Bergen. Den skal vidare levere analysar og kunnskapsgrunnlag for å identifisere og verdsette viktige grøne område og brukarundersøkingar. Strategien vil gi anbefalingar til strategiske initiativ, som til dømes planarbeid, rettleiarar og utvikling av nye verktøy.

I strategien vil det vere eit særleg fokus på følgjande tema:

  •  Naturmangfald
  •  Friluftsliv
  •  Urbane byrom, inkludert Barnas byrom
  •  Klimatilpassing

Byrådet meiner at det i arbeidet med strategien óg må leggast vekt på å finne løysingar for villfyllinger og lysforureining. Byråden meiner óg at trenden med omfattande og ukritiske inngrep i naturen må stoppast. For å oppnå det, må menneska ta større omsyn til naturen og leve og bu på ein måte som ikkje øydelegg biologisk mangfald.

Bymiljøetaten legg til grunn at arbeidet vil ta 15 månader frå oppstart. Det kan dermed reknast med at arbeidet er sluttført tidleg på hausten 2022.

Arbeidet med strategien skal gjennomføre ein god medverknadsprosess for å auke kunnskap og interesse for blågrøne verdiar, problemstillingar og interessemotsetnader i Bergen kommune.

Saka blei handsama i byrådet 24. juni

Les dokumenta