Illustrasjon frå arkitekt som viser bustadane
BLIKK FRÅ VEST: Bustadane sett frå vest mot felleshagen og bebuarane sine balkongar.
Bilde: Rambøll/ Henning Larsen AS

Åtte nye bustadar i Petedalsmyra

Åtte nye kommunale utleigebustadar er no klare til å gjennomførast på Petedalsmyra. Bustadane vil gi ein heim til menneske med psykiske lidingar. Investeringsramma er på 111,4 millionar kroner.

Prosjektet i Petedalsmyra er ein del av bustadprogrammet til Bergen kommune. Målet er skaffe 250 fleire kommunale utleigebustadar. Av desse skal kommunen etablere 125 bustadar i eigen regi.

Bustadar med personalbase

Det vil kome åtte utleigebustadar og ein base for personalet på tomta. Petedalsmyra vil gje eit butilbod for menneske med ein kombinasjon av psykisk sjukdom og rusliding.  Om lag ti miljøterapeutar vil bli tilsett i tiltaket. Det vil vere sovande nattevakt og vektarteneste knytt til bustadane. Dei tilsette vil ha tilhald i personalbasen som skal byggast saman med dei åtte bustadane. Målet med personalbasen er å skape gode og trygge rammer for dei som skal bu der og tillit hos nabolaget.

Bygget er forma som småhus lenka i ei L-form. Denne forma vernar om ein felleshage og gir ei skjerming for innsyn frå turvegen og fotballbana. Leilegheitene vender inn mot felleshagen. Dei er fordelte over to etasjar med tre husvære i første høgda og fem husvære i andre høgda. Alle leilegheitene vil ha to rom.

Grøne tak

Bygget skal tilfredsstille krav til passivhusstandard og ha grøne tak. Etter noverande tidsplan skal arbeida ta til i desember 2023. Bygget vil vonleg ferdig hausten 2025. Gjennomføringa kviler på ein føresetnad om at Husbanken gir investeringstilskot.

I arbeidet med reguleringsplanen for anlegget har det kome fleire merknadar frå nærmiljøet mot etableringa av bustadane. Difor har det vore fleire informasjonsmøte og synfaringar med ulike delar av nabolaget. Byrådet legg vekt på at det er stort behov for denne typen bustadar i Bergen. Dei meiner at prosessen har vore god og valet av område tilfredsstillande. Byrådet meiner det er viktig å la nabolaget medverke òg når bustadane er ferdige.

Byrådet kjem med tilråding i saka 19. mai. Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta

Sakene til byrådet 19. mai er klare