Illustrasjon av Midtbygda behandlingssenter
100 PLASSAR: Den gamle sjukeheimen i Midtbygda skal erstattast av nye Midtbygda behandlingssenter med 100 korttidsplassar. Prosjektet er avhengig av investeringstilskot frå Husbanken for å kunne gjennomførast.
Bilde: Nordic Office of Architecture

Ny sjukeheim i Midtbygda klar til gjennomføring

Bygginga av Midtbygda behandlingssenter er klar til gjennomføring med atterhald om investeringstilskot frå Husbanken. Prosjektet skal erstatte eksisterande Midtbygda sjukeheim.

Oppdatering: Husbanken har utbetalt 208,6 millioner kroner til dette prosjektet. Utbetalingen skjedde i brev 9. mars 2023. Kontrakt med entreprenør er signert 21. august i år og byggestart vil være i oktober 2023.

Byrådet legg fram gjennomføring av prosjektet Midtbygda behandlingssenter for vedtak i bystyret. Nybygget kjem i plassen for noverande Midtbygda sjukeheim. Det gamle bygget skal rivast. Bebuarane på Midtbygda vert flytte til den nybygde naboen Åsaheimen sjukeheim like ved.

– Dette er eit prosjekt som vil gi eit godt omsorgstilbod til dei eldre. Bergen er ikkje den einaste kommunen i landet som har prosjekt klare, men som lir av at kassa til statlege tilskot er tom. Eg håpar verkeleg regjeringa kjem på bana når statsbudsjettet skal reviderast. Elles står dette og fleire prosjekt i fare for å måtte utsetjast. Det har ikkje eldreomsorga tid til, seier finansbyråd Per-Arne Hvidsten Larsen.

100 korttidsplassar

Midtbygda behandlingssenter vil ha 100 korttidsplassar, kafé, dagsenter og rehabiliteringssenter. Åsaheimen og Midtbygda behandlingssenter vil ha fleire felles funksjonar som parkering og resepsjon. Aktiviteten på dagsenteret vil gi behandlingssenteret høve til å gi tilbod til og ha samspel med nærmiljøet.

Bygget vert utforma med konstruksjon i massivtre og etter passivhusstandard. Det vil vere eit bygg som er nært fritt for utslepp. Prosjektet skal også vere utsleppsfri byggeplass så langt det lèt seg gjere. Bygget skal sertifiserast etter klima- og miljøstandarden BREEAM-NOR til utmerka (excellent).

Prosjektet blir gjennomført som samspelsentreprise til totalentreprise. Skanska AS er entreprenør og Nordic Office of Architecture er arkitekt. Rivinga av det gamle bygget er planlagt med tanke på ombruk.

Manglar tilskot frå Husbanken

I gjeldande handlings- og økonomiplan for åra 2023-2026 er vedtatt brutto totalramme for prosjektet på 993 millionar kroner. Byrådet rår til å gjennomføre prosjektet med ei total investeringsramme på 993 millionar kroner.

Prosjektet har fått avslag på søknaden om investeringstilskot frå Husbanken. Avslaget er grunngjeve med at alle midlane til slike tilskot for 2023 allereie er disponerte. Byrådet legg difor fram saka med atterhald om at Husbanken gir tilskot på eit seinare tidspunkt. Dersom investeringstilskotet kjem inn i revidert statsbudsjett 2023 og tilsegn om midlar kjem innan september 2023, vil det ikkje føre til kostnadsauke eller seinka framdrift. Prosjektet har som mål å stå ferdig januar 2027.

Saka går vidare til behandling i utval og bystyre.

Les dokumenta

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 2. mars