Gå tilbake til:
Du er her:
Dikkedokken med Kjødehallen på Verftet.
KJØP: Etter nye forhandlingsrundar med Skanska rår byrådet til at kommunen inngår avtale om kjøp av Dikkedokken.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Duka for Dikkedokken-kjøp

Etter nye forhandlingar med Skanska AS om kjøp av eigedomen Dikkedokken rår byrådet til å kjøpe aksjane for 150,9 millionar kroner.

– Det har blitt gjort eit grundig arbeid for å få ein riktig pris for desse eigedomane. Vi er komne eit steg nærare når det gjeld å realisere visjonen om Kjødetomten som kulturarena og få utvida kulturkvartalet på Verftet, seier finansbyråd Per-Arne Hvidsten Larsen.

Byrådet har lagt fram ei sak om den framforhandla avtalen med Skanska om kjøp av eigedomen. Saka skal vidare til bystyret. Byrådet rår til at kjøpet vert gjennomført slik det går fram av premissa i saka og avtalen.

Nye rundar etter gjennomgang

Bergen kommune og Skanska blei etter drøftingar i september 2021 samband om eit forhandlingsresultat som innebar at kommunen skulle kjøpe alle aksjane i Dikkedokken AS. Byrådet ønskte sidan å gå i nye forhandlingar. Årsaka til dette var at selskapsgjennomgangen viste at grunnen hadde ureina massar. Eigedomen hadde òg leigeforhold som stridde mot kva den var godkjent for. 

Nyleg ble Bergen kommune og Skanska samde om eit nytt forhandlingsresultat. Det er dette byrådet no legg fram til godkjenning i Bergen bystyre. Avtalen inneber at Bergen kommune overtar eigedomane til selskapet Dikkedokken AS gjennom å kjøpe alle aksjane i dette eigedomsselskapet.

Undersøkjer om lovleg leige er mogeleg

– Det beste hadde vore om kommunen hadde overtatt eigedomen med leigeforhold som var lovlege. Då kunne aktiviteten som er i bygga halde fram. Seljaren har i staden valt å seie opp leigeforholda. Bergen kommune har starta opp arbeidet med å undersøkje om det er mogeleg å få leigeforholda lovlege og kva som må til ordne dette, seier Hvidsten Larsen.

 Eigedomane det gjeld er næraste nabo til USF Verftet. Det samla arealet er på 8.874 kvadratmeter. Av dette er 1750 kvadratmeter sjøareal. Bygga på eigedomen er eldre industrihallar (Kjødehallane), den verneverdige Dikkedokken og Dokkehuset. 

Bakgrunnen for at kommunen har gått i forhandlingar med Skanska om kjøp av eigedomane er eit bystyrevedtak, der byrådet vart bede om å kjøpe eigedomane og sikre at dei blir brukte til kulturføremål.

Lågare pris og opphøyr av ulovleg leige

Kommunen og Skanska er samde om ein kjøpsverdi på eigedomane på 150,9 millionar kroner. I forhandlingane er det semje om ein prisreduksjon på to millionar kroner på grunn av den påviste ureininga i grunnen. Kommunen stilte krav om at ulovleg bruk anten måtte stansast eller gjerast lovlege før overtaking. 

Avtalen inneheld også ei plikt om at seljar skal utbetre manglar ved dei branntekniske installasjonane på eigedomen. Avtalen har òg ein klausul om gevinstdeling dersom kommunen sel eigedomane vidare på visse vilkår.

Byrådet foreslår å finansiere aksjekjøpet gjennom bruk av ubundne kapitalfond og disposisjonsfond.

Saka skal behandlast vidare av utval og bystyre.

Les dokumenta i saka