Illustrasjonen viser planlagt kulturhus i Fyllingsdalen med plass foran inngangen.
KULTUR OG KONTOR: Slik vil Fyllingsdalen kulturhus sjå ut med ein kontordel på toppen. Byrådet går inn for å velje denne løysinga for prosjektet.
Bilde: Arkitektgruppen Cubus/L2 og Koht

Går for kulturhus med kontor på toppen

Byrådet meiner Fyllingsdalen kulturhus bør byggjast i eitt steg og ha kontordel på toppen.

Fyllingsdalen skal få kulturhus med bibliotek. Spørsmålet er om kulturbygget i tillegg skal ha ein kontordel på toppen. Områdeplanen gir høve til dette, men dette er til no ikkje avklara. Eit anna spørsmål er om kulturdelen skal byggjast i det første byggesteget og kontordelen i eit andre steg.

Tilrådinga frå fagetaten er at kulturhuset vert bygd med kontordel. Kommunen kan ha god bruk for dei areala og det vil kunne erstatte lokale som Bergen kommune i dag leiger i den private marknaden. Fagetaten meiner også at heile kulturhuset med kontordel må byggjast i eitt og same byggesteg.

Byrådet er svært opptekne av å få bygd eit kulturhus som kan bli eit viktig samlingspunkt i Fyllingsdalen. Byrådet er samd i at kulturhuset skal byggjast i eitt steg og med ein kontordel på toppen.

– For å få ein god balanse mellom kulturhuset og dei andre bygga som er foreslåtte i områdeplanen for Oasen, bør kulturhuset ha fem etasjar. Kontordelen vil dekke behovet for slike lokale i Fyllingsdalen. Eit påbygg med kontor vil ikkje påverke framdrifta i prosjektet negativt. Framleis planlegg vi at bygginga tar til i 2023, seier byråd for finans, næring og eigedom, Per-Arne Hvidsten Larsen.

Byrådet handsama saken i møte 28. april. Saka skal vidare av utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 28. april