Gå tilbake til:
Du er her:

Skal jekke opp Danckert Krohn

Byrådet rår til at prosjektet som skal restaurere og bygge om kulturhuset Danckert Krohn vert gjennomført med ei ramme på 95,8 millionar kroner.

Kulturhuset Danckert Krohn ligg i Kong Oscars gate i Bergen sentrum. Hovudbygget blei oppført i 1789 som aldersheim. Bruken er sidan endra til dag- og kulturaktivitetar for eldre og andre målgrupper.

Delar av bygget har omfattande setningsskadar. Det er stort behov for å gjere bygget meir eigna for dagens bruk. Difor er det tenkt gjennomført ei større oppgradering av bygget både inne og ute.

Totalrestaurering

Prosjektet vil omfatte bruksendring og totalrestaurering av heile eigedomen. Stovene i midtbygget og korridorane på sidefløyene vert meir eller mindre uendra.

For nordfløyen skal det gjerast ei kontrollert oppjekking og det skal kome nye sålefundament under store delar av fløya. Heile andre høgda skal byggjast heilt om for å få på plass aktivitetsrom. Heile bygget utanom tilbygget frå 70-talet skal få sprinkleranlegg. Tekniske installasjonar skal også oppgraderast.

Reist i 1789

Danckert Krohn-bygget blei freda i 1927. Difor vil kulturminnelova vere retningsgivande for store delar av dei arbeida som skal gjennomførast. Bygget har berre vore gjennom ei større ombygging sidan det blei reist i 1789. Det er kafetilbygget som kom på 70-talet.

Saka går vidare til handsaming i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

Saken ble behandlet i byrådet 28. januar 2021.