Fjellhallene til byarkivet
FJELLHALLAR: Bergen byarkiv leiger lokale som mellom anna omfattar fleire fjellhallar der det tidlegare blei lagra øl. No ønskjer byrådet å kjøpe lokala i Hansaparken.
Bilde: Bergen kommune

Vil kjøpe lokala til byarkivet

Byrådet ber om fullmakt til å kjøpe lokala som Bergen byarkiv idag leiger i Hansaparken.

Bergen byarkiv held til i leigde lokale i Hansaparken. Leigeavtalen nærmar seg utløpet. I avtalen har kommunen ein opsjon til å leige vidare eller kjøpe det leigde arealet.

Lokala er 2.000 kvadratmeter med kontor og vel 3.500 kvadratmeter med magasinareal i fjellhallar. Dessutan er det noko tilleggsareal som nyttast av Interkommunalt arkiv i Hordaland. Kommunen har opsjon til å kjøpe totalt 6.050 kvadratmeter.

Byrådet ber bystyret om å gjere vedtak om anten vidare leige eller kjøp. Tilrådinga til byrådet er at dei ber om fullmakt til å forhandle fram ein kjøpsavtale. Finansieringa må innarbeidast i rulleringa av handlings- og økonomiplanen 2024-2027.

Ei verdivurdering frå takstmann konkluderer med at det er meir gunstig økonomisk å kjøpe i staden for å leige vidare. Det er gjort utrekningar av kva kjøpesummen vil vere ut frå kjøpsopsjonen. Dette er rekna til 45 millionar kroner som eit utgangspunkt. I tillegg må ein ta høgd for prisstigning og dei utgiftene som følgjer med ei overdraging av eigedom.

Leigeavtalen går ut i juni 2024. Eit eventuelt kjøp vil skje etter dette.

Byrådet meiner at kjøp er mest gunstig og er også den løysinga som er mest føreseieleg for byarkivet si verksemd.

Byrådet kjem med tilråding i møte 27. april. Saka skal behandlast vidare av utval og bystyre.

Les dokumenta.

Klikk her for å lese alle byrådssakene