Eit glas vin i sola
KONTROLLAR: Kommunen gjennomførte 1.510 kontrollar av skjenkestader i 2022.
Bilde: Ann-Kristin Loodtz

83 prikkar og ingen inndragingar

Sju prikkar til salsstader og 76 prikkar til skjenkestader. Ingen miste alkoholløyvet sitt. Det er fasiten i rapporten som fortel om kontrollverksemda til Kontor for skjenkesaker for 2022.

Bergen kommune kontrollerer sals- og skjenkestader for alkohol og utsal for tobakk. Byrådet legg no fram for bystyret årsrapporten for kontrollverksemda. Byrådet rår til at bystyret tar rapporten til vitande.

I 2022 hadde Bergen 505 skjenkeløyve og 205 salsløyve for alkohol. Talet på utsal som sel tobakksvarer og tobakkssurrogat til forbrukar var 319.

Det vart utført 1510 kontrollar av stader med skjenkeløyve, 694 kontrollar av butikkar med salsløyve og 830 kontrollar med tobakksutsal. I 2022 blei det til saman utført 3034 kontrollar.

Byrådet seier seg nøgde med at det ikkje har vore naudsynt å trekkje inn løyve i 2022. Byrådet meiner dette viser at det store fleirtalet i bransjen er gode på å halde seg til skjenkereglane og føresegnene i alkohollova.

Saka skal behandlast vidare av utval og bystyre.

Les saksdokumenta
 

LES OGSÅ: Her er sakene fra byrådet 24. august