Bergen Rådhus nærmar seg snart innflytting. To av etasjane i høgblokka er sette av til organa til bystyret og utforma særleg for deira bruk.
Ønskjer historiske bygg
Bystyret har tidlegare bede om ei sak der deira organ ikkje skal vere i rådhuset, men i dei historiske bygga i rådhuskvartalet. Desse historiske bygga er Magistratbygningen, Manufakturhuset, Det gamle tinghuset og Hagerupsgården.
Byrådet legg no fram ei løypemelding som seier noko om status for arbeidet med reguleringsplan for rådhuskvartalet. Saka skisserer også mogelege alternative løysingar dersom organa til bystyret ikkje ønskjer å ta høgblokka i bruk. Byrådet rår til at bystyret tar løypemeldinga til orientering.
For tida vert det arbeidd med reguleringsplan for rådhuskvartalet. Det er venta at eit framlegg vert oversendt byrådet tidleg hausten 2022. Denne planen skal sjå heile bruken av kvartalet i samanheng.
Treng rehabilitering
Både Magistratbygningen og Manufakturhuset har behov for omfattande rehabilitering. I dette ligg utskifting av ventilasjonsanlegg, brannsikring og nye elektriske anlegg. Begge bygga er freda. Rehabiliteringa av dei er ikkje prosjektert og det er ikkje sett av midlar til dette i investeringsprogrammet.
I saka rår byrådet til at organa til bystyret nyttar dei to etasjane i rådhusblokka mellombels fram til dei to nemnde bygga er rehabiliterte. Om dei ikkje ønskjer det, rår byrådet til at organa til bystyret anten kan flytte samla inn i Allehelgensgate 5 eller ein kombinasjon av å nytte ein etasje i rådhusblokka og lokale i bygga like ved.
Byrådet kjem med tilråding i møte 19. mai. Saka går vidare til utval og bystyre.