Gå tilbake til:
Du er her:

Justerer ramma for rådhuset

Investeringsramma for den innvendige ombygginga av Bergen rådhus må justerast. Endringa tar høgde for uføresette manglar som er avdekka og varsla om tidlegare.

Bystyret vart i september 2020 orientert om status for dei pågåande arbeida i rådhuset. I saka vart det opplyst om at under rivinga har arbeidet avdekka manglar ved bygget som ikkje var kjende då prosjektet tok til.

Byrådet legg no fram ei meir detaljert sak om desse manglane og kva dei har å seie for kostnadane i prosjektet. Etter byrådet si vurdering er det naudsynt å justere investeringsramma frå 439,3 millionar kroner for dei innvendige arbeida til ei totalramme på 530 millionar kroner.

Dette er hovudårsakene til kostnadsendringa:

  • Skjulte feil og manglar: 36,8 millionar kroner
    Skaden på betongen var meir omfattande enn opphavleg rekna med og den originale armeringa hadde vesentlege manglar. Det var trong for å prosjektere om arbeida og gjere ytterlegare forsterkingar.
  • Tryggingstiltak: 15 millionar kroner
    Krav til tryggingstiltak som følgje av ny tryggingslov har vore meir kostnadskrevjande enn først rekna med.
  • Prisjustering av entreprisekontraktane: 18,5 millionar kroner.
    Kostnadsestimatet som låg til grunn for gjennomføringsvedtaket var basert på prisnivå 1. kvartal 2019. Dette er justert til prisnivå for 3. kvartal 2020.
  • Konsekvensar av Covid-19: 15,4 millionar kroner.
    Utgifter og forseinkingar som følgje av krav til smittevern på arbeidsplassen.

Byrådet rår til at totalramma vert det innvendige arbeidet vert oppjustert til 530 millionar kroner og at dette vert innarbeidd i seinare tertialrapport og når handlings- og økonomiplanen skal rullerast.

Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta