Gå tilbake til:
Du er her:
To sjukepleiarar gjer klar vaksine
KORONA: I tertialrapporten rår byrådet til å styrkje budsjettramma knytt til handteringa av koronapandemien med 42 millionar kroner.
Bilde: Kristin Bergitte Hauge

Kommunen betrar resultatet med 230 millionar kroner

Bergen kommune ligg an til å betre netto driftsresultat for 2021 med 230,1 millionar kroner. Det går fram av 2. tertialrapport som byrådet la fram i dag.

Tertialrapporten er eit oversyn over den økonomiske stoda etter dei åtte første månadane i år. Rapporten inneheld òg framlegg til justeringar av budsjettet. I saka har byrådet oppdatert kva som er venta av skatt og rammetilskot i tråd med 2021-anslaga i Solberg-regjeringa sitt statsbudsjettforslag for 2022. Konsekvensane av å handtere koronapandemien er òg innarbeidde.

Betre skatteanslag

Byrådet finn å kunne oppjustere budsjettet for dei sentrale inntektene til kommunen 322,3 millionar kroner. Av dette utgjer eit betra skatteanslag 230 millionar kronar og ein auke i rammetilskotet 76,5 millionar kroner. Denne auken heng i hovudsak saman med at tildelinga av skjønsmidlar i samband med koronapandemien er høgare enn tidlegare lagt til grunn.

Byrådet foreslår å styrkje budsjettramma for tenestene til kommunen med 92,2 millionar kroner. Av dette er 42 millionar kroner knytt til koronapandemien, 25 millionar skal dekke inn auka straumprisar og 18 mill. gjeld auka kommunal eigendel for ressurskrevjande tenester etter forslag frå Solberg-regjeringa i statsbudsjettet. 

Det er også foreslått å setje av 100 millionar kroner som skal dekke den uvisse delen av utgifta til kjøp av Akasia-barnehagane som etter rekneskapsreglane må førast som driftsutgifter. Resten er tilpassing til aktivitetsnivå. Kommunen fekk også 30 millionar kroner i mindreutgifter i samband med streiken i vår. 

Fond og eigenfinansiering

Samla vil justeringane i budsjettet etter 2. tertial gi ei betring av driftsresultatet på 230 millionar kroner. Kommunen kan etter dette vente ein resultatgrad på 1,5 prosent. Det er ei betring på eitt prosentpoeng samanlikna med det som var kjend før 2. tertialrapport. Byrådet rår til at 160 millionar av resultatbetringa går til å auke driftsfinansieringa av investeringane til kommunen. Dei resterande midlane, om lag 70 millionar, blir sette av på ulike fond. Av dette beløpet er om lag 58 millionar avsett til konkrete føremål.

Investeringane

Byrådet foreslår i tertialrapporten å justere opp investeringsbudsjettet med 746,2 millionar kroner. Årsaka til endringa er eit høgare investeringsnivå ved slutten av året enn det som tidlegare har vore budsjettert. I tillegg er overtakinga av verksemda til Akasia barnehage AS tatt inn i investeringsbudsjettet. Samla lånebehov aukar med 867 millionar kroner som følgje av endringane i tertialrapport 2.

Saka går vidare til handsaming i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka