Gå tilbake til:
Du er her:

Kommunens planar og planarbeid til 2023

Forslaget byrådet har til kommunal planstrategi viser kva planar som skal vidareførast og kva planarbeid kommunen skal prioritere i perioden fram til valet i 2023.

- Planstrategien bygger på eit kunnskapsgrunnlag som viser dei mest sentrale utviklingstrekka og utfordringane innanfor ei rekke viktige samfunnsområde. I tillegg bygger planstrategien på FNs berekraftsmål, menneskerettane, folkehelseoversikta, nasjonale forventningar til kommunal planlegging og regionale forventningar, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

Framsida på forslaget byrådet har til planstrategi 2019-2023.
Framsida på forslaget byrådet har til planstrategi 2019-2023.
Bilde: Christopher De los ríos

Målet med planstrategien er å styre planressursane til planoppgåver som reflekterer reelle planbehov og oppgåver som har politisk prioritet.

I byrådets forslag til planstrategi blir det lagt opp til at 42 planar blir vidareført utan endringar, 39 planar blir revidert/rullert, 15 planar utgår og 42 nye planar blir utarbeida.

Planstrategien omfattar ikkje strategiske planprogram, kommunedelplanar innan areal og område- og detaljregulering.

Byrådet foreslår at det ikkje blir starta opp revisjon av kommuneplanen og plansystemet på noverande tidspunkt.

Saka skal til vidare behandling i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka

Saka vart behandla av byrådet 2. juli 2020