Gå tilbake til:
Du er her:
Bananar som er merka med Fairtrade-etikett.
Bergen er Fairtradeby. Byrådet legg no fram ny handlingsplan om arbeidet med etisk og rettferdig handel.
Bilde: TransFair e.V. / Santiago Engelhardt

Legg fram handlingsplan for rettferdig handel

Bergen er fairtradeby og kommunen har vedtatt ein strategi for etisk og rettferdig handel. Byrådet legg fram ein handlingsplan som skal følgje opp den vedtekne strategien.

Strategien "Bergen – en aktiv fairtradeby. Strategi for etisk og rettferdig handel 2018-2022" blei vedtatt av Bergen bystyre 22. juni 2018. I vedtaket står det at strategien skal konkretiserast ytterlegare i handlingsplanar. Den første handlingsplanen gjaldt åra 2019-2020. No legg byrådet fram forslag til handlingsplan for 2021-2022.

Føremålet med handlingsplanen er å følgje opp visjonen om at Bergen skal vere ein aktiv fairtradeby og eit førebilete for etisk og rettferdig handel.

I framlegget til ny handlingsplan er fleire av tiltaka frå den første førte vidare, men det er òg kome til nye tiltak.

Ein ståstadsanalyse kommunen har fått utarbeidd, viser eit behov for å samle og løfte gode miljø og initiativ i Bergen i arbeidet med å ha eit ansvarleg næringsliv. Handlingsplanen legg difor vekt på å skape eit felles forum for desse aktørane. Vidare er kapasitets- og nettverksbygging, samarbeid, kommunikasjon og synleggjering viktige stikkord for tiltaka i handlingsplanen.

Byrådet kjem med tilråding i saka 20. mai. Saka skal handsamast vidare av utval og bystyre.

Les dokumenta

Se sakene fra byrådet 20. mai