Hovudbodskapen i planen er at alle delar av verksemda til Bergen kommune skal ta eit språkleg ansvar på sine fagområde. Ved å bruka klart språk må Bergen kommune sjå til at alle forstår viktige meldingar og bodskap.
– Bergen kommune si språkpolitiske plan famnar vidt og legg til rette for at alle som bur i Bergen skal få informasjon på eit klart og forståeleg språk. I eit inkluderande og demokratisk samfunn er dette heilt avgjerande, seier byrådsleiar Rune Bakervik.
– Språkpolitisk plan handlar om korleis Bergen kommune skal forvalta den viktigaste reiskapen me har for samkvem mellom menneske, heiter det i byrådssaka.
Planen følgjer også opp det særlege ansvaret kommunen har for å fremja nynorsk i Bergen.
Planen skal møta krava frå den nye språklova, som seier at "offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa».
Planen har desse måla:
- Bergen kommune brukar, utviklar og styrkjer norsk språk.
- Det skal vera enkelt å vera nynorskbrukar i Bergen.
- Det skal vera enkelt å velja nynorsk i Bergen.
- Bokmål og nynorsk skal vera synlege frå Bergen kommune.
- Bruk av teknologi og digitale løysingar skal støtta opp om språkpolitiske mål.
- Bergensarane skal forstå informasjon og brev frå Bergen kommune.
- Bergensdialektane skal vera synleg frå Bergen kommune.
- Alle som oppheld seg i Bergen skal få nødvendig, kommunal informasjon på eit lett tilgjengeleg språk i samband med hendingar som gjeld helse, miljø og tryggleik.
- Språklege minoritetar skal kjenna seg heime i Bergen.
Planen har vore på høyring, og det kom inn 22 innspel til høyringsutkastet.
"Ordet fangar - språkpolitisk plan" skal leggjast fram for vidare behandling i bystyret.