Gå tilbake til:
Du er her:

Melder om status i tiltaka for nynorsk 2019

I meldinga om stoda for kåra for nynorsk i Bergen, melder byrådet mellom anna om vokster i nynorskproduksjon hos saksutgreiarar.

Byrådet rår og til at ny språklov vert nytta til å arbeide fram ein språkpolitisk plan for kommunen i 2021.

Byrådet merkar seg særleg at fleire kommunale saksutgreiarar kjenner på fridomen til å bruke det norske skriftspråket dei ønskjer. Om lag 8,4 prosent av saksframlegga i 2019 var på nynorsk, ein monaleg framgang frå tidlegare år. I alle byrådsavdelingane er det no nynorskkontaktar.

Særleg blir arbeidet Bergen brannvesen gjer for å ta nynorsk i bruk i møte med innbyggarane i samarbeidande nabokommunar trekt fram i meldinga. Nær 100 prosent av informasjonen som vert utarbeidd i Vest brann- og redningsregion, som rettar seg mot dei 16 medlemskommunane, er på nynorsk. Innføringskurs i nynorsk er gjort tilgjengeleg som ein del av Bergen kommune sin nettkursportefølje.

Meir synleg i informasjonskanalane til kommunen

Bergen kommune har mål om at ti prosent av utoverretta kommunikasjon skal vere på nynorsk. Med unntak av ei utgåve var ti prosent av innhaldet i innbyggjarmagasinet Bergenseren på nynorsk i 2019. Byrådet har nytta målemetoden til Språkrådet og kome til at det som er aktuell informasjon på nettstaden til kommunen var 4,6 prosent nynorsk i 2019. Det er ein framgang på 0,5 prosentpoeng frå 2018. Til dømes har dei redaksjonelle sakene på nettstaden til Bergen offentlige bibliotek har om lag ti prosent nynorsk i omtale av boktips for barn og vaksne samt nyhende.

Nynorsk i skulen

I skulen er forsøksordninga med sidemålsopplæring frå og med tredje klasse forlenga, og skulane Haukeland, Liland og Ådnamarka deltek framleis. 

Målet om at det skal leggjast betre til rette for foreldre som ønsker å opprette språklege parallellklasser, medrekna å bistå foreldre som ønskjer og samtykkjer til kontakt med andre foreldre er ennå ikkje tilstrekkeleg oppfylt. Av omsyn til personvernet er elevlister for 1. trinn unntatt offentlegheit fram til elevane byrjar på skulen. Her viser byrådet til at det førebels ikkje er  høve til det, men at det i framtida kan leggast inn eit slikt samtykke i det oppvekstadministrative systemet Vigilo, og at dei då vil følgje dette vidare opp.

Nynorskelevar bør få tilsvarande tilbod som bokmålselevar om bruk av digitale læremiddel på si eiga målform, og alle digitale program som Bergen kommune har kjøpt inn til skulane har både bokmål og nynorsk som språkval.

Les dokumenta i saka

Saka vart behandla i byrådet 2. juli 2020