Gå tilbake til:
Du er her:
Den blå fløibanevognen i bevegelse
Bergen kommune eig 47,36 prosent av aksjane i Fløibanen AS. Selskapet hadde eit overskot på 36,6 millionar kroner, men grunna koronasituasjonen vert det ikkje betalt utbyte i 2020.
Bilde: KATARINA LUNDE

Slik gjekk det i 2019 for selskapa kommunen eig

Byrådet har utarbeidd eit oversyn over rekneskapen i 2019 til dei bedriftene der kommunen er eigar. Saka følgjer også opp dei måla og målekriteria som er sett for desse verksemdene.

Seks selskap utgjer vesentlege økonomiske verdiar for Bergen kommune. Det er aksjeselskapa BKK, BIR, Fløibanen, Bergen kino, Bergen Havn og BTS Utvikling.

30 aksjeselskap

Ved utgangen av 2019 hadde kommunen eigarinteresser i 30 aksjeselskap, tre interkommunale selskap og eitt samvirkeføretak. Saka, som er ei orientering til bystyret, inneheld nøkkeltal frå 2019 for alle desse selskapa.

God økonomisk utvikling

Byrådet meiner den økonomiske utviklinga i selskapa som utgjer vesentlege verdiar for kommunen, har vært svært god i 2019. Utbyta frå selskap blei reduserte med 14 prosent samanlikna med 2018. Til saman utgjer dei overførte utbyta til kommunen i 2020 på 366 millionar kroner.

Byrådet skriv i saka at oppsummert har kommunen mottatt ei tilfredsstillande avkastning frå dei selskapa der det er fastsett krav til dette. Denne gruppa selskap utgjer verdiar for vel 8,5 milliarder kroner. Dei åleine står for 92 prosent av verdiane i selskapsporteføljen til kommunen.

Saka vart handama i byrådet 22. oktober. Etter det skal saka vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta