Gå tilbake til:
Du er her:
Kanadaskogen sett frå Damsgårdsfjellet
SKOG: Rett under halvparten av arealet i Bergen er skog. Byrådet startar arbeidet med å lage ein temaplan for skogbruksnæringa i kommunen. Biletet syner Kanadaskogen frå Damsgårdsfjellet.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Startar arbeid med plan for skogbruk

Byrådet startar opp arbeidet med ein temaplan for skogbruket i Bergen. Den overordna målsettinga er å ha aktivitet og verdiskaping i skogbruket gjennom ei berekraftig forvaltning av skogen.

Bergen har ikkje tidlegare hatt ein eigen plan for skogbruket som landbruksnæring. Byrådet meiner det er trong for å ha ein skogbruksplan som seier noko om rammevilkåra for korleis Bergen kommune ønskjer at skogbruket skal vere i kommunen. 

Planen skal gi ei oversikt over situasjonen til skogbruket og skildre kva utfordringar og høve denne næringa har i Bergen.

Halve kommunen er skog

Fordelinga av areal i Bergen
AREALBRUK: Grafikken viser fordelinga av areal i Bergen. Vel 44 prosent er skog.
Bilde: undefined

Bergen har eit areal på 465,3 kvadratkilometer. Av dette er 204 kvadratkilometer å rekne som skog. Det utgjer 43,8 prosent av det samla arealet i kommunen. Og halvparten av den bergenske skogen er rekne som produktivt skogareal.

Planarbeidet vil ha følgjande delmål:

  • Få fram kva skogbruket betyr for landbruksnæringa og klimaet
  • Få fram konflikter mellom skogbruk og andre interesser
  • Vise kva tiltak som kan gi meir aktivitet i skogbruket, gir ønskte klimaeffektar og som tar vare på det biologiske mangfaldet

Skogbruk som næring

Bergen kommune er også skogeigar. Temaplanen vil handle om skogbruket generelt og som landbruksnæring. Planen vil ikkje først og fremst gjelde forvaltninga av kommunen sine eigne skogeigedomar.

Arbeidet med temaplanen blir leia av Etat for landbruk. Etaten vil ha ansvaret for medverknadsprosessar og sjølve utarbeidinga av planen. Byrådet tar sikte på å leggje fram eit planforslag til høyring våren 2022.

Les dokumenta i saka

Saka blei handsama i byrådet 4. november