Gå tilbake til:
Du er her:
HAVBYEN: Opp gjennom historia er det sjøen og havet som har knytt Bergen til resten av verda. For å styrke Bergen sin posisjon som havbyen i Noreg, har byrådet tatt initiativ til og leia arbeidet med å utvikle, koordinere og profilere Havbyen Bergen saman med dei største nærings-, kunnskaps- og forvaltningsmiljøa knytt til hav i Bergensregionen.
HAVBYEN: Opp gjennom historia er det sjøen og havet som har knytt Bergen til resten av verda. For å styrke Bergen sin posisjon som havbyen i Noreg, har byrådet tatt initiativ til og leia arbeidet med å utvikle, koordinere og profilere Havbyen Bergen saman med dei største nærings-, kunnskaps- og forvaltningsmiljøa knytt til hav i Bergensregionen.
Bilde: Ann-Kristin Loodtz

Vil etablere Havbyen Bergen som eit treårig prosjekt

Byrådet tilrår at Bergen kommune og Vestland fylkeskommune opprettar prosjektet Havbyen Bergen. Det overordna målet er å lede an for eit berekraftig hav.

Havbyen Bergen er eit prosjekt som har som føremål å fremme auka samhandling, attraktivitet, berekraftig vekst og kompetanse i havnæringane med Bergen som sentral drivkraft. Det overordna målet er å lede an for eit berekraftig hav. Prosjektet blir oppretta fordi det er ein einigheit blant både private og offentlege aktørar knytt til havet i Bergensregionen at det er nødvendig med eit prosjekt som dette for å sikre Bergen sin posisjon som havby.

Byrådet har samarbeida med Vestland fylkeskommune, samt andre private og offentlege aktørar frå bedrifter, næringsklynger, forvaltning, forsking og utdanning som er knytt til havet på Vestlandet, for å konkretisera prosjektet.

Organisering

Havbyen Bergen sitt øvste organ er årsmøtet som blir leia av byrådsleiar i Bergen kommune. Det skal også opprettast eit styre der fylkeskommunen og kommunen skal ha ein representant kvar. Styret skal leiast av fylkesordførar og næringsbyråd skal vera nestleiar. Vidare er det lagt opp til at det blir etablert ein valkomité, samt eit havkontor som står for den daglege drifta. I tillegg vil det bli oppretta fire arbeidsgrupper som arbeider med kvart sitt fokusområde: samhandling, attraktivitet, berekraftig vekst og kompetanse. I første omgang vil det bli tilsett to personar i prosjektstillingar som kan drive desse prosessane framover.

Evaluerast 

Det å etablere prosjektet Havbyen Bergen fører til at Bergen kommune forpliktar seg til å betale 1 000 000 kroner til prosjektet årleg i 2022, 2023 og 2024. Eitt av prosjektet sine første oppgåver vert å finne ein finansieringsmodell som også hentar inn økonomiske bidrag og/eller eigeninnsats frå andre offentlege aktørar og dei private aktørane i samarbeidet. Prosjektet skal evaluerast etter tre år.

FNs berekraftsmål berande premiss

Byrådet peikar på at ei føresetnad for å kunne leve av havet også i framtida er ei berekraftig tilnærming til våre felles ressursar. Prosjektet vil mellom anna kunne arbeide for å etablere nye råvarenæringar som kan bli basert på fornybare marine ressursar. Byrådet framhever og støtter at prosjektet legg opp til at FNs berekraftsmål skal vera eit berande premiss for det vidare arbeidet med Havbyen Bergen. For å nå dei lokale, nasjonale og internasjonale målsetningane om reduserte utslepp er Bergen heilt avhengig av samarbeid og samhandling mellom det offentlege, næringslivet og innbyggarane. Byrådet meiner dette prosjektet vil bidra til å auke berekrafta, verdiskapinga, skape fleire arbeidsplassar og ikkje minst løyse miljøutfordringane i havnæringane.

Saka blei behandla i byrådet 28. oktober og skal vidare til handsaming i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka