Gå tilbake til:
Du er her:
Krokus i blomst ved Gamle Bergen
BEREKRAFTIG TURISME: Bergen ønskjer å vere eit berekraftig reisemål. Visit Bergen har utarbeidd ein strategi og handlingsplan for å få dette til.
Bilde: Nina Blågestad

Vil gjere Bergen til eit berekraftig reisemål

Visit Bergen har utarbeidd ein strategi og handlingsplan for å gjere Bergen til eit berekraftig reisemål. Byrådet rår til at kommunen sluttar seg til dette arbeidet.

Bakgrunnen for saka er at Visit Bergen ønskjer å søkje Innovasjon Norge om å få Bergen godkjent som eit "berekraftig reisemål". Dette er ei merkevareordning som kan brukast i det langsiktige arbeidet for sikre auka berekraft i reiselivet.

Attraktiv gjennom berekraft

For å kunne få ei slik godkjenning må det utarbeidast både ein destinasjonsstrategi og ein handlingsplan som byggjer på standarden til Innovasjon Norge og berekraftsprinsippa til FNs reiselivsorganisasjon. Saka vert lagt fram for bystyret i Bergen for å sikre god forankring lokalt.

Visjonen som skal liggje bak utviklinga av reiselivet i Bergen skal vere attraktivitet gjennom berekraft. Bergen skal vere eit attraktivt reisemål for næringa, dei som kjem på besøk, jobbmarknaden, innbyggjarar og samfunnet elles.

Det overordna mottoet for reiselivssatsinga til Bergen er at "ein god by å bu i er ein god by å besøke".

Prinsipp for korleis reiselivet skal utviklast

Prinsippa for å utvikle reiselivet i Bergen fram mot 2030 er desse:

  • Ingen overturisme
  • Klimanøytral næring
  • Lange opphald
  • Heilårsarbeidsplassar og heilårsdrift
  • Oppretthalde naturmangfald
  • Oppretthalde kulturmangfald
  • Styrka kunnskapsutvikling og tilgang på kompetanse
  • Verdiskapingsvekst
  • Styrka lønsemd og soliditet
  • Bidra til berekrafta i andre sektorar

Saka blei behandla i byrådet 22. april og skal vidare til handsaming i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka