Gå tilbake til:
Du er her:

Vil opprette tilskotsordning for etisk handel

Bergen er fairtradeby. Byrådet kjem med forslag om korleis ei tilskotsordning for etisk handel og ansvarleg næringsutvikling kan innrettast. Ordninga vil ha ei årleg ramme på 250.000 kroner.

Saka følgjer opp vedtaket bystyret gjorde då det handsama "Bergen – en aktiv fairtradeby. Strategi for etisk og rettferdig handel 2018-2022". I denne strategien blei det fastsett å opprette ei tilskotsordning for fairtradebyen Bergen.

Byrådet viser til at både internasjonalt og lokalt er selskapa opptekne av å få på plass system for ansvarleg forretningsdrift. Omsynet til både menneske og miljø er blitt eit etisk vilkår for all næringsverksemd.

Slik byrådet ser det, vil ordninga kunne vere med på å stimulere til ansvarleg næringsutvikling, fremme samarbeid om etisk og rettferdig handel og støtte opp om dei andre planområda for Bergen som fairtradeby.

Tilskotsordninga vil kome på plass i 2021.

Saka vart handama i byrådet 22. oktober. Etter det skal saka vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta