Gå tilbake til:
Du er her:

Nynorsken skal få betre kår i Bergen kommune

Bystyret har bestemt kva slags tiltak som skal gjere nynorsk som målform meir synleg i Bergen kommune.

At nynorsken skal bli meir synleg i Bergen, er no eit språkpolitisk mål i Bergen kommune. Her er nokre av tiltaka som bystyret har bestemt:

  • Nynorskelevar i ungdomsskulen skal så langt det er råd få gå i same klasse.
  • I utlysing av ledige stillingar ved nynorskskuler skal det gå tydeleg fram at tilsette må ha god kompetanse i nynorsk.
  • Dei som skriv kunngjeringar og saksframlegg til byrådet og bystyret kan velje fritt mellom nynorsk eller bokmål som målføre.

Les meir i saka frå byrådet

Komiteens innstilling blei vedtatt med tilleggsforslag:

Nynorskelevar bør få tilsvarande tilbod som bokmålselevar om bruk av digitale læremiddel på si eiga målform. Bergen kommune bør bidra til å løfte problematikken om digitale nynorske læremiddel overfor Utdanningsdirektoratet, og arbeide for at «digitale læremiddel på nynorsk for grunnskulen» kjem på prioriteringslista for tilskot til læremiddelutvikling i 2018.

Les dokumenta i saka