Gå tilbake til:
Du er her:

Vil ha kortreist mat på kommunale bord

Bystyret har behandla eit privat forslag om å bruke kortreist og økologisk mat ved kommunale mottakingar og tilstellingar.

Forslagstiller påpeikar at også avtalar med leverandørar, hotell og restaurantar må gjerast med dette for auga.

Bystyret vedtok at Bergen kommune så langt det er mogleg skal nytta lokal og kortreist mat og drikke ved kommunale mottakingar og tilstellingar for å støtte lokalt næringsliv og for å fremja Bergen sitt omdømme som matby.

Bystyret vedtok også eit tillegg om at økologiske omsyn skal telja med, og vegetarmat må få ein tydeleg plass i ein ny kommunal mat- og serveringsprofil.

Les dokumenta i saken.