Gå tilbake til:
Du er her:

Ønskjer fleire tiltak for å fremja nynorsken

Bystyret har fått melding om status i tiltaka for nynorsk i Bergen 2018, og har avgjort fleire tiltak for å fremja nynorsken i kommunen.

Bystyret har sett tre overordna mål for målpolitikken til kommunen og 22 tiltak som skal vere med på å nå desse måla:

  • Det skal vere enkelt å vere nynorskbrukar i Bergen
  • Det skal vere enkelt å velje nynorsk i Bergen
  • Begge målformer skal vere synlege i Bergen

Færre elevar med nynorsk

Bystyret har no fått ei orientering om arbeidet som er gjort i 2018. Arbeidet er på mange område i gjenge. Byrådet har også følgt opp måla i saka utover dei vedtekne tiltaka. Nedgangen i talet på elevar i Bergensskulen med nynorsk som opplæringsmål held diverre fram.

Bystyret sitt vedtak

"Bystyret vedtok komiteen si innstilling, og eit tilleggsforslag med følgjande tiltak:

1. Det bør leggjast til betre til rette for foreldre som ønskjer å opprette språklege parallellklasser, medrekna å hjelpe foreldre som ønskjer og samtykkjer til kontakt med andre foreldre.

2. Bystyret ber om at byrådet snarast set i verk tiltak for å følgje opp tiltak nr 10: "Kommunen bør i samarbeid med skulane i Arna sjå på kva som kan gjerast for å halde nynorsken i hevd som opplæringsmål i bydelen. Vurdere å sjå på det samarbeidet som Fjell kommune har med Universitetet i Bergen"

3. Bergen kommune vurderer medlemskap i LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar). Organisasjonen har ressursar og kunnskap som vil vere nyttige for kommunen for å nå måla i planen.

4. Bystyret oppmodar byrådet om å fremja saker til bystyret på nynorsk. Bystyresaker frå Arna skal så langt som råd skrivast på nynorsk.

5. På skular som har nynorsk som hovudmål, skal de ved utlysing av ledige stillingar gjera klart at skulen har nynorsk som hovudmål og at denne målforma er eit spesielt satsings- og ansvarsområde for skulen.

6. Dei kommunale barnehagane i dei nynorske skulekrinsane bør bruka nynorsk både som administrasjonsspråk og så mykje som mogeleg i tekstar dei brukar i det daglege livet med ungane.

7. Nynorskelevar skal så langt som råd få gå i eiga gruppe i alle fag, frå 1. til 10. klasse i dei språkdelte skulane i Bergen. Retten skal gjelda for grupper over fem elevar."

Les dokumenta i saka.