Gå tilbake til:
Du er her:
Prinsippskisse idrettsby
Illustrasjonen er en prinsippskisse for utviklingen av idrettsbyen på Slettebakken.

Vedtok planprogram for Slettebakken idrettsby

Slettebakken skal utviklast til ein idrettsby med attraktive idrettsanlegg, bustad og næring i ein bymessig struktur. Bystyret har vedteke planprogram for den vidare prosessen med planarbeidet.

Vedtaket til bystyret er i tråd med innstillinga frå utvalet. Bystyret har også vedtatt fleire merknadar.

Planarbeidet skal legge til rette for kompakt byutvikling der idrettsbyen på Slettebakken blir vidareutvikla med attraktive idrettsanlegg, og der desse blir utvikla i kombinasjon med bustad og næring i ein bymessig struktur. 

Planen skal vidare legge til rette for mellom 100 og 600 varierte bustader som styrker bustadtilbodet langs Vilhelm Bjerknes vei. Bustadene skal ha gode uteareal og familievenlege bustader. Bevaring av gjennomgåande grønstrukturar og etablering av opne løysingar for handtering av overvatn skal vere eit sentralt tema. Det skal vurderast om bekkar skal opnast gjennom området. 

Viktig infrastruktur skal sikrast og det skal leggast til rette for gode sykkelruter gjennom området. Bystyret har i tillegg bede om at det blir lagt til rette for parsellhagar innafor planområdet. 

I planprogrammet er det lagt til grunn at idrettsbyen skal utviklast med følgjande etablerte og nye idrettstilbod: 

  • Ishall med to treningsflater. 
  • Fleirbrukshall med to handballflater. 
  • Hallar med tilbod for turn og basketball. 
  • Tennishall. 
  • To 11-ar banar og ein 7-ar bane for fotball. 
  • Fysak allaktivitetshus, inkludert uteareal til tre sandvolleyballbanar, dirtjump/pumptrackbanar, areal til skatepark og andre nærmiljøanlegg.

Bystyret viser i ein merknad til at mange av idrettane som har vore inkluderte i høyringsprosessen ikkje er nemnde i forslaget til planprogram. Det gjeld squash, lacrosse, baseball og petanque.  Byrådet ber om å inkludere flest mogeleg av dei allereie involverte idrettane i det vidare arbeidet.

Bystyret ber byrådet legge til rette for at Fysak og felles hall blir plasserte ved sida av kvarandre. I arbeidet må det også sest på mogelegheita til å utvide Gimlehallen slik at denne også kan benyttes som håndballarena.

Bystyret peiker også i ein merknad på at meir isflate er viktig for likestilling i ishockey. I dag vert jenter og kvinner nedprioritert fordi det ikkje er nok istid til alle som ønsker å drive med idretten.  Difor må idrettsbyen ha to isflater.

Bystyret nemner at talet på tennisbaner innandørs i Bergen er redusert frå 15 til 10 dei siste åra, medan tennisklubbane har auke i medlemstalet. Bystyret ber byrådet greie ut om Bergen Tennisarena kan utvidast med fire baner.

Les dokumenta i saka

Les sakene fra bystyret 22. juni.