Gå tilbake til:
Du er her:
Kulturhuset Danckert Krohn
FREDA: Danckert Krohn-bygget blei freda i 1927. Difor vil kulturminnelova vere retningsgivande for store delar av dei arbeida som skal gjennomførast.
Bilde: Nina Blågestad

Seier ja til totalrestaurering av kulturhuset Danckert Krohn

Bystyret seier ja til prosjektet som skal restaurere og bygge om kulturhuset Danckert Krohn.

Prosjektet vert gjennomført med ei ramme på 95,8 millionar kroner.

Danckert Krohn
LANG HISTORIE: Prosjektet vil omfatte bruksendring og totalrestaurering av heile eigedomen. Kafetilbygget kom til på 1970-talet
Bilde: Nina Blågestad

Kulturhuset Danckert Krohn ligg i Kong Oscars gate i Bergen sentrum. Hovudbygget blei oppført i 1789 som aldersheim. Bruken er sidan endra til dag- og kulturaktivitetar for eldre og andre målgrupper.

Delar av bygget har omfattande setningsskadar. Det er stort behov for å gjere bygget meir eigna for dagens bruk.

Prosjektet vil omfatte bruksendring og totalrestaurering av heile eigedomen. Stovene i midtbygget og korridorane på sidefløyene vert meir eller mindre uendra.

Les meir i saka fra byrådet

Bystyret vedtok utvalet si innstilling

Les dokumenta i saka

Les sakene fra bystyret 24. februar